Sjå og keisar Tacitus.
Tacitus

Publius eller Gaius Cornelius Tacitus (ca. 55–ca. 117) var ein romersk talar, advokat, senator og blant dei største historikarane i antikken.

Han er forfattar av mellom anna den stutte boka Germania, som skildrar samfunn, levevis, skikkar og religiøse førestillingar hjå germanske stammar, og av Annales og Historiae, som tek for seg første hundreåret frå den romerske keisartida, frå Tiberius blei keisar til Domitian døydde.

Sjå og