Take Me Home, Country Roads
Singel av John Denver
frå albumet Poems, Prayers and Promises
Språk engelsk
Utgjeve 12. april 1971
Sjanger Vise, countrypop
Lengd 3:08
Selskap RCA
Komponist Bill Danoff, John Denver, Taffy Nivert
Tekstforfattar Bill Danoff, John Denver, Taffy Nivert
Låtskrivar(ar) Bill Danoff, Taffy Nivert, John Denver
Produsent Milton Okun, Susan Ruskin
John Denver-kronologi 
«Friends With You»
(1971)
Take Me Home, Country Roads «Everyday»
(1972)
Olivia Newton-John-kronologi
«What Is Life»
(1972)
Take Me Home, Country Roads «Let Me Be There»
(1973)


«Take Me Home, Country Roads» er ein song skriven av Bill Danoff, Taffy Nivert og John Denver, og først spelt inn av John Denver. Han var med på gjennombrotsalbumet hans, Poems, Prayers and Promises frå 1971. Singelen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, berre slått av «How Can You Mend a Broken Heart» av The Bee Gees. Han vart ein av dei mest populære og kjende songane til John Denver, og vert rekna som signaturlåten hans.[1] Han har òg vorte eit viktig symbol for Vest-Virginia, som vert nemnt i teksten; til dømes vart han spelt ved gravferda for den amerikanske senatoren Robert Byrd i juli 2010.[2]

Opphav

[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 22. desember 1970 spelte John Denver fast på klubben The Cellar Door i Washington, D.C.. Danoff og Nivert opna for han som ein duo kalla Fat City. Den første tysdagen etter jul (Cellar Door var open frå tysdag til sundag) drog dei tre heim til seg for å spele i lag. På veg dit braut Denver den venstre tommelen sin i ei bilulukke. Han vart teken til sjukehus, der han fekk ei skjene på tommelen. Då han omsider kom attende til huset var han i følgje seg sjølv oppspilt.

Danoff og Nivert fortalte han så om ein song dei hadde arbeidd på ein månads tid. Inspirasjonen hadde kome då dei køyrde til eit slektstreff for Nivert nær Maryland. For å få tida til å gå langs vegen hadde Danoff laga ein ballade om den vesle, svingande vegen dei køyrde på. Seinare endra han soga til å passe ein ven, som brukte å skrive til han om kor vakkert det var på landsbygda i Vest-Virginia.

Opphavleg hadde Danoff og Nivert planlagt å selje songen til den populære countryartisten Johnny Cash, men då Denver høyrde songen ønskte han å ha den sjølv, og duoen som skreiv teksten valde å ikkje selje han.

Dei song songen for Denver og dei tre sat oppe heile natta, endra ord og flytta linjer rundt. Då dei var ferdig sa Denver at songen måtte med på det neste albumet hans.[3]

Songen vart framført første gongen den 30. desember 1970 under ekstranummera på settet til Denver, og songarane song teksten frå eit stykke papir. Dette førte til ein fem minuttar lang ovasjon.[4] Dei spelte songen inn i New York City i januar 1971.

Danoff og den dåverande kona hans, Mary («Taffy») Nivert, skreiv «I Guess He'd Rather Be in Colorado» og «Take Me Home, Country Roads», som begge vart hittar for John Denver. Den sistnemnte fekk status som offisiell statssong for Vest-Viriginia den 7. mars 2014, i lag med tre andre, «West Virginia Hills», «This is My West Virginia» og «West Virginia, My Home Sweet Home».[5] Danoff (frå Springfield, MA) sa at han aldri hadde vore i Vest-Virginia før han var med på å skrive songen. Han hadde til og med vurdert å nytte Massachusetts i staden for West Virginia, sidan namna på begge statane er fire stavingar lang. Denver spelte inn kring eit dusin Danoff-songar frå 1972 til slutten av karrieren hans.

«Take Me Home, Country Roads» kom ut på albumet Poems, Prayers & Promises og vart gjeven ut som singel våren 1971. Han slo gjennom nasjonalt i midten av april, men flytta seg særs seint oppover salslistene. Etter fleire veker ringde RCA Records Denver og sa til han at dei ville gje opp singelen. Han svart at dei måtte halde fram å arbeide med han. Dei gjorde dette og den 18. august hadde singelen seld 1 million.[6]

Lister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1971) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3
U.S. Billboard Hot Country Singles 50
Canadian RPM Top Singles 3
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 5
Canadian RPM Country Tracks 17

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. "John Denver - UNPLUGGED COLLECTION [IMPORT] Music CDs" (list), Choose, 2007, webpage: JD-Collect.
  2. Garcia, Jon (2. juli 2010). «Eulogizing Sen. Robert Byrd: The Hard Working, if Imperfect, Senator». ABC News. 
  3. Collis, John (30 September 2011). John Denver: Mother Nature's Son. Mainstream Publishing. s. 22. ISBN 978-1-78057-330-4. 
  4. «Bill's Music Heritage». Billdanoff.com. Henta 26. august 2014. 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. mars 2014, henta 26. august 2014 
  6. «Take Me Home, Country Roads - she wrote it and sang on it, but you've never heard of her». Blogcritics.org. Arkivert frå originalen 3. april 2009. Henta 26. august 2014. 
  7. Almost Heaven (2005) - IMDb

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]