Talbiseh | |||
تلبيسة, Talbisa | |||
by | |||
Talbiseh (bakgrunnen) og sauer på beite (framgrunnen), 1930-åra
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs | ||
Distrikt | Al-Rastan | ||
Nahiyah | Talbiseh | ||
Høgd | 455 moh. | ||
Koordinatar | 34°50′0″N 36°44′0″E / 34.83333°N 36.73333°E | ||
Folketal | 30 796 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Talbiseh 34°50′26″N 36°43′51″E / 34.840555555556°N 36.730833333333°E | |||
|
Talbiseh (arabisk تلبيسة, òg skrive Talbisa, Tell Bisa eller Talbeesa) er ein by nordvest i Syria i Homs guvernement, kring 10 kilometer nord for Homs. Av stader i nærleiken finn ein al-Rastan i nord, al-Ghantoo i sørvest og al-Mashrafah i aust. Gamlebyen i Talbiseh ligg på ei isolert høgd.[1] I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) hadde Talbiseh eit folketal på 30 796 i 2004.[2] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[3]
Talbiseh er bygd på ein gammal tell («kunstig haug»).[4] I 1945 var ei stor mengd koparmyntar frå bysantinsk tid funnen i Talbiseh.[5] Kring 835 myntar, daterte til 631 fvt., av tre forskjellige typar som synte keisarane Justinus II, Fokas og Konstantin III.[6]
I osmanartida, særleg på 1700-talet, var Talbiseh ein av dei viktigaste landlege festningsbyane nord i Syria og låg langs det som vart kalla «Sultanvegen», som førte til Istanbul, hovudstaden i sultanatet. Byen hadde vokse seg viktig på kostnad av Maarrat al-Nu'man og Hisyah.[7] Jundi-familien hadde normalt vore aghawat («guvernørar») i festninga, og gav seinare tre guvernørar i Hama kring år 1800.[8] Under eit opprør med Mawali-folket nord i Syria, vart guvernøren i festninga i Talbiseh, Abd al-Razzaq al-Jundi, avretta av stammefolket.[9]
Talbiseh vart skildra som ein landsby med jordhus midt på 1800-talet. I motsetnad til dei fleste syrisk landsbyar på denne tida, som hadde flate tak, hadde desse husa kuppelforma tak.[10] I følgje turisten Albert Socin, hadde husa i Talbieh tidleg på 1900-talet kubeforma base, kjegleforma tak og ingen vindauge. Taka var konstruerte av lag på lag med stein.[1]
I 1950 oppstod det ein valdeleg strid mellom Barazi-familien, ein familie med landeigarar av kurdisk opphav, og dei bøndene i Talbiseh, då familien prøvde å ta ei last med gjødsel frå bøndene.[11]
Talbiseh var vitne til store demonstrasjonar mot regjeringa til Bashar al-Assad i april 2011, som ein del av opprøra som førte til den syriske borgarkrigen.[12] Sidan byrjinga av opprøret har byen vore ein skanse for opposisjonen og den antistatlege Frie syriske armeen (FSA).[13] Slik sett har Talbiseh vore eit mål for den syriske hæren og tryggingsstyrkar gjennom opprøret. Mellom 29. mai og tidleg juni 2011 gjekk syriske soldatar støtta av stridsvogner inn i og kringsette byen med mål om å utslette «terroristgrupper». Aktivistar hevda soldatane raida hus og arresterte mistenkte dissidentar. Fem innbyggjarar og fire soldatar vart rapporterte drepne den første dagen av operasjonen.[14]
Den 8. juni 2012 vart tre sivile og ni syriske soldatar drepne i kampar i Talbiseh-området.[15] Kraftige kampar mellom den syriske hæren og FSA heldt fram til minst 11. juni. I følgje SN-observatørar tok FSA fleire av dei statlege soldatane til fange.[16] Den syriske hæren prøvde å ta attende Talbiseh den 21. juli, og byen vart bomba av artilleri.[17]