Tana kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Tana bru | ||
Areal | 4 051,35 km² | ||
- land | 3 893,13 km² | ||
- vatn | 158,22 km² | ||
Folketal | 2 807 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Jon Erland Balto[1] (Sp) | ||
Kommunenr. | 5628 | ||
Tana kommune 70°11′47″N 28°11′12″E / 70.196388888889°N 28.186669444444°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Tana | |||
Nettstad: www.tana.kommune.no | |||
Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.
Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua mellom Roavvegieddi og bygda Utsjok.
Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.
Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver.[2]
Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.
Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.
Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.[3]
I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.[3]
Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:
1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6][7] | 1.1.1961[6][7] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2010 | 2453 | 2906 | 3041 | 3285 | 3111 | 3331 | 3232 | 3044 | 2912 |