Tapestry Studioalbum av Carole King | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. februar 1971 | |
Innspelt | Januar 1971 | |
Studio | A&M (Hollywood) | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:31 | |
Selskap |
| |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
---|---|---|
Writer (1970) |
Tapestry | Music (1971)
|
Singlar frå Tapestry | ||
|
Tapestry er det andre studioalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i 1971 på Ode Records og produsert av Lou Adler. Det fekk fire Grammyprisar i 1972, inkludert årets album. Den første singelen frå albumet — «It's Too Late» med «I Feel the Earth Move» — låg fem veker på toppen av både Billboard Hot 100.[3] og Easy Listening-lista[4]
Tapestry har vorte sertifiserte til 14× platinaplate av Recording Industry Association of America i USA,[5] og har selt kring 25 millionar eksemplar over heile verda,[6] som gjer det til eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene. I 2000 vart plata plassert på 74. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums,[7] og i 2020 vart ho rangert på 25. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]
King skreiv eller var medlåtskrivar på alle songane på albumet, der to allereie hadde vore hittar for andre artistar som Aretha Franklin sin «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (i 1967), og The Shirelles sin «Will You Love Me Tomorrow» (i 1960). Eksmannen til King, Gerry Goffin, skreiv tekstane til tre av songane. James Taylor, som oppmuntra King til å synga sine eigne songar og som òg spelte på Tapestry, fekk ein stor hitt med «You've Got a Friend», seinare i 1971. To songar vart skrivne saman med Toni Stern: «It's Too Late» og «Where You Lead».
Albumet vart spelt inn i A&M Recording Studios i Studio B i januar 1971 med hjelp frå Joni Mitchell og James Taylor, pluss forskjellige erfarne studiomusikarar. Fleire av musikarane jobba samstundes på Taylor-albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon.
Framsidebiletet vart teken av den A&M-tilsette fotografen Jim McCrary heime hos King i Laurel Canyon.[9] Biletet syner henne sitjande i ei vindaugsramme, med eit veggteppe som ho sjølv hadde sydd for hand, med katten Telemachus ved føtene.[10]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Christgau's Record Guide | A–[12] |
The Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Great Rock Discography | 8/10[14] |
Music Story | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
MusicHound Rock | 5/5[14] |
Pitchfork | 10/10[15] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Uncut | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Albumet vart møtt med utbreidd kritikarros. Village Voice-kritikaren Robert Christgau følte at stemma hennar, fri for «teknisk dekor», kom til å frigjera kvinnelege songarar,[12] medan Jon Landau i Rolling Stone følte at King var ein av dei mest kreative pop-personane og hadde laga eit album med «overgåande personleg intimitet og musikalsk prestasjon».[17]
I tillegg til å bli valt til årets album, mottok plata òg Grammy for beste kvinnelege popvokalopptreden, årets singel («It's Too Late») og Årets song («You've Got a Friend»), noko som gjorde King til den første kvinnelege soloartisten som vann Grammy-prisen for årets plate, og den første kvinna som vann Grammy-prisen for årets song.
Albumet vart verande på Billboard-lista i 313 veker (nest mest etter Pink Floyd sine 724 veker med The Dark Side of the Moon).[18]
År | Vinnar | Kategori |
---|---|---|
1972 | Tapestry | Årets album |
1972 | «It's Too Late» | Årets singel |
1972 | «You've Got a Friend» | Årets song |
1972 | Tapestry | Årets kvinnelege popvokalopptreden |
«Carole King sitt Tapestry er ein triumf av massekultur. På mindre enn to år har det selt godt over fem millionar eksemplar, og sett det i ein klasse med dei mest selde albuma gjennom tidene, og det er framleis på listene ... Slik statistikk er så overveldande at det ser ut til å forvandla ei enkel plate til eit slags uunngåeleg kulturelt nærvær, og på ein måte gjer det akkuret det.»
|
Tapestry var ein stor kommersiell suksess. Han heldt til 15 veker på rad som nummer éin på den amerikanske Billboard 200.[20][21] Til dags dato har Tapestry framleis rekorden for flest veker på rad på nummer éin av ein kvinneleg soloartist.[22] Albumet låg òg nesten seks år på den amerikanske Billboard 200 (318 veker), derav 302 dei samanhengande. I meir enn 40 år hadde Tapestry rekorden for det lengstvarande albumet på albumlista av ein kvinneleg soloartist i USA inntil Adele sitt [[21 av Adele]|21] braut rekorden i 2017.[23][24][25]
Tapestry var òg svært vellykka over heile verda. I Canada låg det ni veker på toppen av lista frå og med 3. juli 1971.[26] I Storbritannia debuterte albumet på nummer trettito på UK Albums Chart, men steig til slutt til fjerdeplassen på lista og vart liggande på topp 100 i 136 veker.[27] I det første året skal Tapestry ha selt over 7 millionar eksemplar[28] og selt rundt 25 millionar eksemplar over heile verda til dags dato.[6]
Fleire songar frå albumet vart spelt inn av andre artistar og vart hittar medan albumet framleis var på listene: James Taylor sin versjon frå 1971 av «You've Got a Friend» gjekk til topps i USA[29] og nådde fjerdeplassen i Storbritannia,[30] og Barbra Streisand si studioinnspeling frå 1971 av «Where You Lead» nådde 40. plassen[31] medan eit konsertopptak av ein medley der Streisand para songen med Sweet Inspirations-hitten «Sweet Inspiration» nådde 37. plassen året etter.[31]
Ulike artistar kom saman for å spela inn alle originalspora for meir enn eitt hyllestalbum. Den første, utgjeve i 1995 og med tittelen Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, selde til gullplate. Den andre, i 2003, hadde tittelen A New Tapestry – Carole King Tribute. I 2010 spelte den australske musikaren Marcia Hines inn eit hyllestalbum, Marcia Sings Tapestry.
Tori Amos sa «Songane hennar er som historier eller lydfilmar. Du vil gå rett inn i dei. Med 'I Feel the Earth Move' eller 'It's Too Late', er du akkurat der.»[32]
Tapestry blir ofte viste på listene til kritikarane over dei beste albuma.[14] I 2003 vart plata rangert på 36. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[33] og heldt plassen på den reviderte lista frå 2012,[34] men rykka opp til 25. plassen på ei oppdatering av lista frå 2020.[8] Albumet vart òg oppført av VH1 på 39. plassen på lista deira over dei 100 beste albuma gjennom tidene,[35] og var ein av 50 innspelingane som vart valde til å bli lagt til National Recording Registry.[36] Opptak lagt til National Recording Registry er plukka ut for å bli bevart i Library of Congress ettersom dei er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige».[36] Basert på slike oppføringar, rangerer Acclaimed Music Tapestry som det 69. mest anerkjente albumet i historia.[14]
I 2015, for sin sjette og siste sesong, hylla den amerikanske TV-serien Glee dette albumet, saman med Alanis Morissette sitt Jagged Little Pill, i episoden «Jagged Little Tapestry», sendt 16. januar 2015. Fem songar frå dette albumet vart framført av ulike artistar. To av dei opptredde på eiga hand, «It's Too Late» og «So Far Away», medan dei tre andre blir brukt i ein mashup med ein av songane frå Jagged Little Pill. «I Feel the Earth Move» er blanda saman med «Hand in My Pocket», «Will You Love Me Tomorrow?» med «Head Over Feet» og «You've Got a Friend» med «You Learn». Episoden vart sett av 1,98 millionar sjåarar.[37]
I mars 2016 vart det kunngjort at Carole King ville framføra albumet live i sin heilskap for første gang på British Summer Time Festival i Hyde Park i London 3. juli 2016.[38] Framsyninga vart gjeve ut året etter som Tapestry: Live på Hyde Park.[39]
Alle songar skrivne av Carole King, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Feel the Earth Move» | 3:00 |
2. | «So Far Away» | 3:55 |
3. | «It's Too Late» (tekst av Toni Stern) | 3:54 |
4. | «Home Again» | 2:29 |
5. | «Beautiful» | 3:08 |
6. | «Way Over Yonder» | 4:49 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «You've Got a Friend» | 5:09 |
8. | «Where You Lead» (King, Stern) | 3:20 |
9. | «Will You Love Me Tomorrow?» (Gerry Goffin, King) | 4:13 |
10. | «Smackwater Jack» (Goffin, King) | 3:42 |
11. | «Tapestry» | 3:15 |
12. | «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (Goffin, King, Jerry Wexler) | 3:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Out in the Cold» | 2:44 |
14. | «Smackwater Jack» (Konsertopptak frå Boston, 21. mai 1973) | 3:21 |
2008 «Legacy Edition»
I 2008 gav Sony/BMG, Epic og Ode ut ein «Legacy Edition» med to plater. Ei plate er ei ommastra utgåve av det originale albumet og den andre plata er konsertopptak av 11 av dei 12 songane, spelt inn i 1973 i Boston, Columbia i Maryland og Central Park i New York, og i 1976 i San Francisco Opera House. «Where You Lead» er songen som ikkje er med på konsertplata.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Feel the Earth Move» | 4:17 |
2. | «So Far Away» | 4:44 |
3. | «It's Too Late» | 5:06 |
4. | «Home Again» | 3:33 |
5. | «Beautiful» | 3:39 |
6. | «Way Over Yonder» | 5:35 |
7. | «You've Got a Friend» | 6:00 |
8. | «Will You Love Me Tomorrow?» | 4:31 |
9. | «Smackwater Jack» | 4:18 |
10. | «Tapestry» | 4:13 |
11. | «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» | 5:11 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]Originalutgåva
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[52] | 8× Platina | 560 000^ |
Japan (RIAJ)[53] 1991 reissue |
Gull | 100 000^ |
New Zealand (RMNZ)[54] | Platina | 15 000^ |
Storbritannia (BPI)[55] | 2× Platina | 600 000^ |
USA (RIAA)[56] | 14× Platina | 14 000 000^ |
Oppsummering | ||
Verda over | 25,000,000[6] | |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
26: Horses Patti Smith |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 25 Tapestry Carole King |
24: Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band The Beatles |
37: Hotel California The Eagles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 36 Tapestry Carole King |
35: Ziggy Stardust David Bowie |