Teff | |
![]() Teff | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Chloridoideae |
Stamme: | Eragrostideae |
Slekt: | Eragrostis |
Art: | Teff E. tef |
Vitskapleg namn | |
Eragrostis tef Trotter
|
Teff (Eragrostis teff) er eit kornslag frå nord i dei etiopiske høglanda. Det blir særleg dyrka i Etiopia og Eritrea og i nyare tid også Australia, India, Pakistan og USA.
Teff er tradisjonelt blitt brukt til å laga injera, eit brød som er etiopisk daglegkost. I seinare år har ein også teke til å interessera seg for kornslaget utanfor Etiopia, ettersom teff ikkje inneheld gluten. Teff har eit gunstig næringsinnhald, med mykje jern og kostfiber, og inneheld også proteinar og kalsium.