Terje Formoe

Terje Formoe (i midten) saman med Mathea Pedersen Kilane og Paul Fjell Gundersen i 2016.

Foto: C. Hill

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. desember 1949 (74 år)
Fredrikstad
Yrke skribent, songar, låtskrivar, barnebokforfattar, filmregissør
Språk norsk
Nettstad https://terjeformoe.no/
Terje Formoe på Commons

Terje Formoe (fødd 6. desember 1949 i Fredrikstad) er ein norsk låtskrivar og forfattar. Han starta som visesongar, platedebuterte i 1975 og har skrive tekstar for ei rekke norske artistar. Formoe er særleg kjend som skaparen av Kaptein Sabeltann, ein oppdikta sjørøvar som vart presentert i ein sommarmusikal for born i 1990.

Bakgrunn

Formoe er utdanna lærar. Han starta artistkarrieren som visesongar, og den første plata hans kom i 1975. Han arbeidde som marknads- og underhaldningssjef i Kristiansand Dyrepark frå 1984–94. Der framførte han eigne, musikalske familieforestillingar kvar sommar, mellom anna Vår dyreverden og dei populære sjørøvar-forestillingane med Kaptein Sabeltann frå 1990.

Terje Formoe har utgjeve ei rekke plater for born, først og fremst med musikken frå forestillingane om Kaptein Sabeltann, men også Livet er toppen! frå 1983 som inneheldt den kjende «Juliussangen». Formoe har også laga familieforestillinga Kjell Pell Pottitskrell i 1996 og utgjeve viseplata Umaskert i 2003. Mest kjend er han likevel for rollefiguren Kaptein Sabeltann, ein skikkelse som har vorte ein stor kommersiell suksess. Arbeidet med Sabeltann gav han Kardemommestipendiet i 1992, og det resulterte i Spellemannprisen 1994 i klassen «barneplater» for albumet Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga.[1] Han vart nominert til Spellemannprisen 2014 for albumet Den blå planeten.

Terje Formoe er dagleg leiar og styreleiar i Kaptein Sabeltann AS. Omsetningen i 2005 var på nesten 7 millionar kroner og resultatet nesten to millionar. Terje Formoe er også styremedlem i Piratprodukter AS, der han eig 51 prosent av aksjene. Piratprodukter hadde over 25 millioner kroner i omsetning i 2006.[treng kjelde]

Terje Formoe er bror til målaren Erik Formoe og far til skodespelaren Janne Formoe. Han bur og arbeider i Kristiansand.

Utgjevingar

Musikk

Soloalbum
Kaptein Sabeltann-album

Filmar

Dataspel

Kjelder

  1. «Terje Formoe». Store norske leksikon. 6. juni 2019. Henta 1. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff