Terje Langli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1965 (59 år)
Steinkjer kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1992, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995

Utmerkingar

Olavstatuetten

Terje Bjarte Langli, (fødd 3. februar 1965), er ein norsk tidlegare langrennar. Han vart verdsmeister i 10 kilometer i klassisk stil under VM 1991 i Val di Fiemme. Året etter vann han bronsemedaljen på 30 kilometer under OL 1992 i Albertville. Under dei same olympiske leikane vart han olympiameister i 4x10 km stafett, året etter vart han verdsmeister i same øvinga. Han vart noregsmeister ein gong, i 1987 på 15 km på heimearenaen. Langli er frå Henning i Steinkjer og tevla for Henning IL.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Idrettsrelatert arbeid

Langli var fagsjef for langrenn i Norges Skiforbund 2000/01. Perioden 2004-06 var han sjef for smørjeteamet til det norske langrennslandslaget. Han er i dag seljar av skiutstyr hos firmaet Elbe Normark AS.

Kjelder

Bakgrunnsstoff