Eit kvikksølvtermometer

Eit termometer er eit instrument for å måla temperaturen i eit stoff. Sjølve temperaturen kan ein ikkje avlese direkte på noko instrument, men ein nyttar andre eigenskapar som endrar seg med temperaturen, som lengd, volum, trykk, resistans, termoelektrisk spenning og magnetiske eigenskapar. Ein bygger termometeret slikk at det er endringar i ein av desse storleikane ein måler.

Galileo Galilei skal i 1592 ha laga det første termometeret. Det var ein liten behaldar med eit trongt glasrøyr i enden. Røyret vart sett ned i vatn, som så steig eit stykke opp i røyret. Når temperaturen i lufta inne i behaldaren varierte, varierte òg volumet av lufta, og dette kunne ein så lese av ved høgda av vassølya inne i røyret.

Ulike måleprinsipp

Minimums- og maksimumstemperatur

Eit minimumstermometer viser den lågaste temperaturen i løpet av ein viss periode. Det er ofte konstruert slik at ein stift vert ført med væskestrengen når temperaturen fell, men som vert liggande att når temperaturen stig. Termometeret er helst plassert eit stykke over bakken, og er skjerma mot nedbør og direkte stråling. Eit maksimumstermometer fungerer på same vis, men stiften vert då liggande att når temperaturen fell. Eit ekstremtermometer er konstruert for å visa både maksimums- og minimumstemperatur.

Temperaturvakt

Ein termostat er ei temperaturvakt, eit instrument som gjev eit signal når temperaturen går over eller under fastsette grenser. Termostaten kan vera sett saman av eit temperaturelement og eit relé eller ein brytar eller ein brukar ein halvleiar-komponent og måler elektronisk. Termostatar er vanlege å bruka i svært mange apparat med varmeelement, som komfyrar, varmeomnar osb.

Temperaturvakter kan òg vera integrerte elektronisk i ein måleomformar, ein PLS e.l.

Kjelder