Terry Oldfield | |||
Fødd | 12. august 1949 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stor-London | ||
Fødenamn | Terence Oldfield | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | fløyte | ||
Verka som | komponist, filmmusikkomponist |
Terence Oldfield (fødd 12. august 1949) er ein engelsk musikar og komponist, og bror til Sally og Mike Oldfield.
Oldfield slutta på skulen då han var 16 for å reise verda rundt og arbeidde som scenearbeidar for ymse band, som The Byrds. Under eit lengre opphald på den greske øya Hydra, byrja han å spele det første instrumentet sitt, fløyta. Tidleg i 1970-åra skipa han og broren Mike eit band kalla Barefoot (eller Barefeet) som spelte rock and roll på klubbar i Storbritannia. Broren Mike spelte kort tid etter inn det særs suksessrike albumet Tubular Bells og Terry spelte fløyte på ei konsertframføring av albumet i Queen Elizabeth Hall, 25. juni 1973 i London.
Terry er òg med på andre album av broren, Hergest Ridge (blåseinstrument - ikkje oppført), Ommadawn (panfløyte) og mykje på Incantations (fløyte).[1]
Karrieren til Oldfield byrja for fullt då han vart spurt av BBC om å komponere musikk for ein serie kalla Great Railway Journeys of the World. Sidan den gongen har Oldfield skrive musikk for over 50 filmar og TV-produksjonar, og fått to Emmy-nominasjonar for Land of the Tiger og Twilight of the Dreamtime og ein BAFTA-nominasjon for BBC-serien Kingdom of the Ice Bear.