The Bitch Is Back Singel av Elton John frå albumet Caribou | ||
B-side |
«Cold Highway» | |
---|---|---|
Utgjeve | 3. september 1974 | |
Innspelt | Caribou Ranch | |
Sjanger | Rock, glamrock | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | MCA, DJM, Rocket/Phonogram | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
Elton John-kronologi | ||
«Don't Let the Sun Go Down on Me» (1974) |
The Bitch Is Back | «Lucy in the Sky with Diamonds» (1974)
|
«The Bitch Is Back» er ein rockesong av Elton John, med tekst av Bernie Taupin.[1] Han var den andre singelen frå albumet Caribou frå 1974 og nådde førsteplassen på singellista i Canada, den sjette topplasseringa her,[2] fjerdeplass i USA og 15. plass i Storbritannia.[3] Songen er omtalt som ein av dei beste hardare rockesongane til Elton John. I USA hadde singelen seld til gullplate i 1995.[4]
Ideen til songen kom ikkje frå verken John eller Taupin, men den dåverande kona til Bernie Taupin. Medan dei diskuterte Caribou fekk Elton John eit av sine legendariske raserianfall og kona til Taupin braut ut «the bitch is back». Taupin skreiv så teksten.
Songen vart bannlyst frå fleire radiostasjonar i USA og andre land fordi han nytta tabuordet «bitch».
Dusty Springfield er ein av korvokalistane på studioversjonen av songen.[1]
Songen vart spelt inn to gonger av Tina Turner: ein gong for Rough i 1978, og igjen for albumet Two Rooms i 1991. Turner song òg songen på konsertane sine på slutten av 70-åra, og i lag med Elton John på VH1 Fashion and Music Awards 1995 og VH1 Divas Live '99.
Blåsarar av blåserekkja til Tower of Power
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|