The Notting Hillbillies | |||
Mark Knopfler og The Notting Hillbillies | |||
Aktiv | 1990-1993, 1997, 2002 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Countryrock, blues, americana | ||
Tilknytte artistar | Dire Straits | ||
Plateselskap | Vertigo (UK) Warner Bros. (US) |
The Notting Hillbillies var eit countryrockprosjekt danna av Steve Phillips og Brendan Croker med Mark Knopfler, som då var sologitarist og songar i Dire Straits, og bandkollegaen til Knopfler Guy Fletcher. Dei gav berre ut eitt album, Missing...Presumed Having a Good Time, gjeve ut på Vertigo i Storbritannia (Warner Bros. i USA) i 1990. The Notting Hillbillies har kome saman att fleire gonger for konsertar. I mai 1997 heldt the Hillbillies 11 konsertar i Storbritannia.