There Goes Another Love Song Singel av Outlaws frå albumet Outlaws | ||
Utgjeve | 1975 | |
Sjanger | Southern rock, countryrock | |
Lengd | 3:06 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Hughie Thomasson, Monte Yoho | |
---|---|---|
Produsent | Paul A. Rothchild | |
Outlaws-kronologi | ||
There Goes Another Love Song | «Breaker-Breaker» (1976)
|
«There Goes Another Love Song» er ein song av det amerikanske Southern rock-bandet Outlaws. Han er skriven av Hughie Thomasson og Monte Yoho, og opningssporet og første singelen frå debutalbumet deira, Outlaws i 1975. Det vart ein topp 40-hitt og nådde 34. plassen på Billboard Hot 100-lista og 30. plassen i november 1975 i Nederland.[1]
Songen var skriven av Hughie Thomasson og Monte Yoho. Sjølv om Outlaws hadde medlemmar som delte på å syngje songane, er røysta til Thomasson den som oftast er assosiert med gruppa sidan han song på dei to mest populære songane deira, «There Goes Another Love Song» og «Green Grass and High Tides».[2]
Songen har fått god omtale av musikkpressa og Ronnie D. Lankford jr. i Allmusic kalla det ein av dei beste songane til Outlaws, medan Associated Press kalla det «ein rockeanthem».[2][3]
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[4] | 34 |
| |
Studioalbum |
|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|