Thierry Gueorgiou


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. mars 1979 (45 år)
Saint-Étienne
Idrett orientering
Tok del i Verdenslekene 2005

Thierry Gueorgiou (fødd 30. mars 1979) er ein fransk tidlegare orienteringsløpar frå Saint-Étienne. I tida 2003-17 vann han 13 individuelle VM-gull og eitt stafett-gull med Frankrike]]. Tre gongar vart han europameister.

Gueorgiou utmerkte seg særleg på den om lag 6 kilometer lange mellomdistansen. Han vann den distansen heile 8 gongar: 2003, 2004, 2005, 2007, 2008, 2009, 2011, 2017. I 2007 sigra han også på kort-distansen. Frå 2009 byrja han også å vinne medaljar i den klassiske orienteringsdistansen over om lag 15 km. Han vart klassisk verdsmeister i 2011, 2013, 2014 og 2015. Over dei femten åra frå 2003 til 2017 sanka han 14 gullmedaljar, 5 sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]