Tidseeining syner til kor lenge to hendingar varer eller tidslengda mellom dei, og blir nytta til å måle tid. SI-eininga for tid er sekund.

Tidseiningar

Sekund

Eitt sekund er definert som 9 192 631 770 svingingar av eit foton frå isotopen cesium 133.[1]

Døgn

Eit døgn var tidlegare knytt til to påfølgjande nedre kulminasjonar for sola, men er no definert som 24 timar, 1440 minutt eller 86 400 sekund, og er dermed knytt til SI-systemet sjølv om døgnet i seg sjølv ikkje er ei SI-eining.

Sidan døgnet ikkje lengre er knytt til sola, blir det med ujamne mellomrom lagt inn skotsekund for å halde døgnet i takt med gongen til sola over himmelen.

Månad

Ein månad er mellom 28 og 31 døgn.

Kvartal

Eit kvartal er tre månader.

Tertial

Eit tertial er fire månader.

År

Desennium

Eit desennium er 10 år.

Sekel

Eit sekel er 100 år.

Millennium

Eit millennium er 1000 år.

Kjelder

  1. «SI base unit: second (s)» (på engelsk). Bureau international des poids et mesures. Henta 9. juni 2023.