Statue av keisar Augustus som Pontifex Maximus i toga, saman med skisse av korleis ein halvsirkelforma toga kan draperast om kroppen: Figurane med skjematiske fargeband viser korleis togaen kan løftast opp i ei hette bakfrå og ein liten fold (umbo) som ein trekk fram over den store hovudfolden framfor (sinus), eller blir boren med belte. Under togaen blei det brukt ein enkel tunika med korte erme.

Toga er ein omfangsrik kappe som blei brukt av frie borgarar i det gamle Roma. Han blei typisk boren av menn utanpå ein tunika, sjølv om kvinner i tidlegare tider også brukte toga. Plagget var danna av eit stort stykke vove ulltøy som kunne vera opptil 5-6 meter langt og 2-3 meter breitt. Dette blei drapert over skuldrene og rundt kroppen. Togaen var vanlegvis kvit, men kunne også ha ulike dekorasjonar eller vera mørke.

Historikk

Romerske mannsdrakter, mellom dei togaer drapert over tunikaer. Figur 8 og 9 til høgre i øvste rekkje er prestar, figur 10, 11 og 12 i nedste er høvesvis offentleg orator, senator og borgar frå den siste tida til Romarriket. Illustrasjon frå Costumes of All Nations (1882).
Helgenar med togaer på mosaikk av «Kristus med englar og helgenar» frå før 526 i basilikakyrkja Sant’Apollinare Nuovo i Ravenna i Italia.

Ein toga likna på himationen brukt av grekarane, men var mykje større. Romarane fekk plagget frå etruskarane på 300-talet f.Kr. Det blei opphavleg brukt av begge kjønn, og var ein statleg symbolsk klednad som folk flest ikkje ghekk med.[1] Frå 200-talet f. Kr. blei drakta berre brukt av menn, og var vanleg drakt i keisartida. Togaen blei boren over ein tunika av lin, eit plagg som tilsvarte gresk kiton. Frie romarar kunne bruka tunika utan toga heime.

Etter kvart blei togaen avløyst av pallium, eit firkanta ytterplagg. Då blei togaer, som var både kostbare og til dels upraktiske, berre brukt av regjeringsmedlemmer. Særskilde togaer, som skarlagensraude togaer, kunne berre brukast av ein imperator, ein general som hadde utvida grensene til riket og vunne minst ein stor kamp som ledd i utvidinga. I tillegg til slike sigerherrar hadde berre eigedomseigarar lov til å bera farga togaer.[2] Togadraperer var et eget yrke.[3]

Fargen på togaene, og korleis dei blei drapert, markerte sosiale skilnader etter strenge reglar. Togaen var eit viktig statussymbol i antikkens Roma.[4] Romarane hadde fleire nemningar for ulike togaer, minst seks ulike typar etter sosiale konvensjonar:[1]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «The Six Types of Toga in Ancient Rome» Arkivert 2017-02-21 ved Wayback Machine., About.com
  2. Om romerske draktskikker i Lehnert, Gertrud (1999): Moter, Cappelen
  3. Om romersk drakt i Christophersen, Kirsten Holtermann (1997): Drakthistorie, Yrkesopplæring
  4. «Toga», BrillOnline Reference Works
  5. «kandidat», Bokmålsordboka
  6. «candidate (n.)», Online Etymology Dictionary

Litteratur