Toney Mountain | |||
Richmond Peak | |||
vulkan | |||
Flyfoto av Toney Mountain frå aust.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
• høgd | 3 595 moh. [1] | ||
• Primærfaktor | 1 946 m | ||
- koordinatar | 75°48′S 115°49′W / 75.800°S 115.817°W | ||
Lengd | 60 km | ||
Periode | holocen | ||
Vulkantype | Skjoldvulkan | ||
Siste utbrot | ukjend | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Toney Mountain 75°48′00″S 115°49′00″W / 75.8°S 115.81666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Toney Mountain |
Toney Mountain er ein langstrekt snødekt skjoldvulkan, 60 km lang og med ei høgd opp mot 3595 moh ved Richmond Peak, 56 km sørvest for Kohler Range i Marie Byrd Land. Ein 3 km brei kaldera ligg på toppen av vulkanen og vulkanen kan ha hatt utbrot i holocen.
Toney Mountain vart truleg av fjella som vart sett frå avstand av Byrd og andre på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940. Det vart kartlagt i desember 1957 av eit lag som reiste over snøen frå Byrd-stasjonen til Sentinel Range i 1957–58. C.R. Bentley leia dette laget og foreslo namnet; ei oppkalling etter George R. Toney, forskingssjef ved Byrd-stasjonen i 1957 som deltok på fleire ekspedisjonar til Antarktis.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Toney Mountain» (innhald frå Geographic Names Information System).