Mount Tongariro | |||
fjell | |||
Flyfoto av Mount Tongariro.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Kompleks vulkan | ||
Høgd | 1 978 moh. | ||
Siste utbrot | 1977 | ||
Koordinatar | 39°8′S 175°39′E / 39.133°S 175.650°E | ||
Mount Tongariro 39°07′47″S 175°38′09″E / 39.129722222222°S 175.63583333333°E | |||
Wikimedia Commons: Mount Tongariro | |||
Tongariro (maori IPA: [toŋaɾiɾo]) er ein kompleks vulkan på Nordøya på New Zealand. Han ligg 20 km sørvest for Lake Taupo, og er den nordlegaste av dei tre aktive vulkanane som dominerer landskapet sentralt på Nordøya.
Vulkanmassivet er 1,978 meter høgt. Det første utbrotet var for om lag 260 000 år sidan. Vulkanen består av i det minste tolv kjegler. Ngauruhoe, som ofte vert sett på som eit separat fjell, er geologisk ein ventil i Tongariro. Det er også det mest aktive, og har hatt meir enn 70 utbrot sidan 1839. Det siste utbrotet fann stad i 1974-1975.[1] Det har også vore påvist vulkansk aktivitet ved andre ventilar. Red Crater (det raude krateret) hadde det siste utbrotet av vulkansk oske i 1926 og inneheld aktive fumarolar. Der er mange eksplosjonskrater på massivet, og somme av dei er fylte med vatn som har danna sjøane Blue Lake («Blåsjøen») og Emerald Lakes («Smaragdsjøane»).
Mount Tongariro ligg i nasjonalparken Tongariro National Park, den første nasjonalparken på New Zealand, og ein av dei første i verda. Han vart gjeven til nasjonen i 1887 av Te Heuheu Tukino IV (Horonuku), overhøvding i Ngati Tuwharetoa iwi, for at den naturlege venleiken til området skulle verta teken vare på. Nasjonalparken omfattar også fjella Ngauruhoe og Ruapehu, som båe ligg sørvest for Tongariro. Nasjonalparken er dobbel verdsarv på grunn av dei framståande naturmessige og rike kulturelle verdiane ein finn her.
Den populære fotturruta Tongariro Alpine Crossing går mellom Tongariro og Ngauruhoe.
Tongariro og områda omkring er ein av fleire stader som Peter Jackson valde ut for scener i dei tre filmane om Ringdrotten.