Toppserien er den øvste norske divisjonen i fotball for kvinner.

Namnet «Toppserien» vart teke i bruk offisielt føre 2000-sesongen. Frå serien fekk offisiell status i 1987 til 1995 heitte han «1. divisjon fotball for kvinner» frå 1995 til 1999 «Eliteserien i fotball for kvinner».

Serien har bestått av 10 lag frå 1987 til 2006, og tolv lag frå 2007.

Historie

Det vart arrangert fleire kretsseriar for kvinnelag mellom 1977 og 1979. Ingen av serievinnarane møtte kvarandre, og slik sett var alle seriane autonome. I 1980 vart inndelinga slik at dei beste laga spelte i to regionale seriar, medan det var ein divisjon under, inndelt krinsvis. Først i 1982 vart det spelt ein uoffisiell finale mellom vinnarane av dei to regionale ligaene, Asker og Troll. Asker vann 3-0. I 1983 var det finalen mellom Setskog og Trondheims/Ørn. Trondheims/Ørn vann 2-1.

Frå 1984 vart dei regionale seriane utvida frå to til tre seriar; på Vestlandet, Austlandet og Trøndelag. Vinnarane av dei tre seriane møttest i ein eigen runde der dei spelte ein kamp mot kvarandre. Dette gjentok seg i 1985, og i 1986 vart òg Nord-Noreg inkludert. Dette vart siste gongen det vart arrangert regionale seriar, då det i 1987 vart innført landsomfattande kvinnefotball. Det er delte meiningar om perioden frå 1984 til 1986 skal takast med i den offisielle statistikken.

Frå 1. divisjon til Toppserien

Frå 1987 til 1995 heitte den øvste divisjonen for kvinner 1. divisjon. Laga som spelte i den første sesongen vart valde ut etter resultatet i fjoråret sine regionalbaserte serie, og bestod av ti lag. Utvalet var sterkt austlandsdominert: dei fem beste laga frå Austlandet kom med, saman med dei to beste frå Vestlandet, dei to beste frå Trøndelag og det beste frå Nord-Noreg. Resultatet av det vart at den første serien bestod av Sprint-Jeløy, Asker, Bøler, BUL og Setskog frå Austlandet, Klepp og Sandviken frå Vestlandet, Troll og Trondheims/Ørn frå Trøndelag og Grand Bodø frå Nordland. Akkurat som for herrar, gav serien tre poeng for siger, eitt for uavgjort og null for tap.

Klepp vann den første sesongen, som vart spelt under den regelen at alle kampar skulle ha ein vinnar, og uavgjortkampar gjekk til straffesparkkonkurranse. Vinnaren av straffesparkkonkurransen fekk eit bonuspoeng, og fekk dermed to poeng. Dette systemet vart avgjerande for bronsevinnaren, som vart Asker i staden for Sandviken, som med moderne teljing hadde kome likt med Asker og hadde betre målskilnad.

I dei følgjande sesongane fram til og med 1993 dominerte Asker og Sprint/Jeløy. Dei to laga hadde allereie vunne cupen gjentekne gonger, og dei var blant favorittane. Asker vann serien fire gonger og Sprint/Jeløy to.

I 1994 tok Trondheims-Ørn over hegemoniet, og heldt det i ein lang periode som manglar sidestykke i norsk kvinnefotball. Ørn vann serien fire år på rad, og dei dominerte òg cupen. I 1996 skifta ligaen namn til Eliteserien for kvinner. I 1997 og 1998 heitte serien òg «Polygramserien» etter hovudsponsoren.

Det vart spelt fire sesongar under namnet Eliteserien for kvinner, og Trondheims/Ørn og Asker vann to gonger kvar i dei fire sesongane. Asker sitt første seriemeisterskap i Eliteserien, i 1998, var spesielt imponerande; laget gav ikkje frå seg eit einaste poeng under heile sesongen.

I 2000 skifta ligaen igjen namn, no til Toppserien. Samstundes vart det endringar i den nest øvste divisjonen, som inntil då hadde vore regional. Frå 2001 vart den nasjonal og med ti lag. Røa har dominert med fem sigrar, og Trondheims-Ørn og Kolbotn har vunne Toppserien tre gonger kvar, per avslutta sesong 2011.

Forbundstinget i Stavanger vedtok i mars 2006, at Toppserien for kvinner frå og med sesongen 2007 skulle bestå av 12 lag. Dei 12 laga blei kvalifisert til spel i Toppserien i 2007 på bakgrunn av resultat i 2006 etter følgjande modell:

I 2008 innførte NFF Jenteløftet, det vil seie ei satsing på kvinnefotball som blant anna gjekk ut på at laga ville få litt meir pengar, og med færre avgrensingar, og at Noregs Fotballforbund betalte reisa mellom kampane. Jenteløftet vart seinare erstatta av «Klubben som sjef» i 2012, der det vart lagt meir vekt på innsatsen til klubbane.[1]

Samarbeid med herreklubbar

Topplag, kvinner Periode, kvinner1 Periode, menn2
Asker 1987-2008 1951-1959
Vard 1989 1976
Haugar 1994 - 1996 19813
Molde 1994 1957-58, 1974-1978, 1980, 1982, 1984-1993, 1995-2006, 2008-
Stabæk 2009- 1995-2004, 2006-2012
LSK Kvinner/LSK4 2010- 1952-1961, 1975-
Vålerenga Fotball 2012- 1948-1952, 1954-1957, 1959-1968, 1973-1975, 1977-1990, 1994-1996, 1998-2000, 2002-

1 Reknast frå 1987
2 Reknast frå 1948
3 FK Haugesund ikkje inkludert
4 Som LSK Kvinner.

Sjølv om det stort sett tilhøyrer unntaka, har det skjedd at éin klubb har vore i toppen for både kvinner og menn i fotball. Det første tilfelle av dette er Asker Fotball og Asker Fotball Kvinner. Deretter var det Vard, Haugar og Molde. Av desse er det berre Molde som har vore etablert i Tippeligaen over lengre tid.

I tillegg til desse laga har òg Viking og Fyllingen hatt eit lag i den øvste avdelinga for begge kjønn, då i den tredelte (og firedelte) serien frå 1984 til 1986.

I 2009 satsa Stabæk på Toppserien, etter at dei året før hadde skaffa seg plassen til Asker og flesteparten av spelarane deira. Stabæk rykte dermed ikkje opp til den øvste divisjonen. Sidan herrelaget til Molde rykte ned og damelaget opp i tillegg samtidig, var Stabæk den første klubben som hadde to lag i den øvste divisjonen i tillegg samtidig. I 2010 skifta Team Strømmen til LSK Kvinner, og vart eit samarbeidslag med Lillestrøm Sportsklubb. Per april 2012 er dei to ikkje same lag. I 2012 speler òg Vålerenga Fotball Damer i den øvste divisjonen for kvinner.

I 1. divisjon for kvinner har òg Kongsvinger og Sarpsborg 08 lag. Det er i seinare tid vore snakk om rekordar i forhold til kven som er først for begge kjønn. Rekordlista ser slik ut:

Lag Rekord
Asker Første lag som har vore i den øvste divisjonen for begge kjønn (1987)
Molde Første lag som har vore i den øvste divisjonen for begge kjønn der herrelaget er etablert i Tippeligaen (1994)
Stabæk Første lag som har hatt eit lag i den øvste divisjonen for begge kjønn i tillegg samtidig, og der laget er etablert (2009)
Stabæk Første lag som har vunne serien for begge kjønn (2010)
Stabæk Første lag som har vunne cupen for begge kjønn (2011)
Vålerenga Første lag som har hatt eit lag i den øvste divisjonen for begge kjønn i tillegg samtidig der begge lag har rykte opp til den øvste divisjonen gjennom sportsleg innsats (2012)

Medaljevinnarar og toppskårarar sidan 1984

År Gull Sølv Bronse Toppskårar Mål
1984 Sprint/Jeløy Trondheims-Ørn Nymark IL (Ikkje felles serie) -
1985 Nymark IL Asker Trondheims-Ørn (Ikkje felles serie) -
1986 Sprint/Jeløy Troll Klepp og Grand Bodø (Ikkje felles serie) -
1987 Klepp Sprint/Jeløy Asker Lisbeth Bakken, Sprint-Jeløy 14
1988 Asker Klepp Trondheims-Ørn Linda Medalen, Asker 22
1989 Asker Sprint/Jeløy Klepp Gunn Nyborg, Asker 19
1990 Sprint/Jeløy Asker Klepp Petra Bartelmann, Asker 23
1991 Asker Sprint/Jeløy Sandviken Linda Medalen, Asker 29
1992 Asker Setskog/Høland Sprint/Jeløy Petra Bartelmann, Asker 22
1993 Sprint/Jeløy Trondheims-Ørn Asker Randi Leinan, Trondheims-Ørn 26
1994 Trondheims-Ørn Asker Sprint/Jeløy Kristin Sandberg, Asker 24
1995 Trondheims-Ørn Setskog/Høland Sandviken Randi Leinan, Trondheims-Ørn 31
1996 Trondheims-Ørn Sandviken Asker Randi Leinan, Trondheims-Ørn 27
1997 Trondheims-Ørn Asker Klepp Ragnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn 24
1998 Asker Trondheims-Ørn Athene Moss Marianne Pettersen, Asker 36
1999 Asker Trondheims-Ørn Klepp Kjersti Thun, Asker 23
2000 Trondheims-Ørn Asker Kolbotn Kjersti Thun, Asker
Ragnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn
24
2001 Trondheims-Ørn Kolbotn Arna-Bjørnar Ragnhild Gulbrandsen, Trondheims-Ørn 31
2002 Kolbotn Asker Trondheims-Ørn Marianne Pettersen, Asker 22
2003 Trondheims-Ørn Kolbotn Asker Marianne Pettersen, Asker
Solveig Gulbrandsen, Kolbotn
Bente Musland, Arna-Bjørnar
15
2004 Røa Trondheims-Ørn Fløya Kristy Moore, Fløya 20
2005 Kolbotn Team Strømmen Fløya Tone Heimlund, Fløya 18
2006 Kolbotn Trondheims-Ørn Røa Elise Thorsnes, Arna-Bjørnar
Tonje Hansen, Kolbotn
19
2007 Røa Kolbotn Asker Melissa Wiik, Asker 22
2008 Røa Team Strømmen Asker Kristy Moore, Fløya 22
2009 Røa Stabæk Kolbotn Lene Mykjåland, Røa 20
2010 Stabæk Røa Kolbotn Lise Klaveness, Stabæk 21
2011 Røa Stabæk Kolbotn Elise Thorsnes, Røa 27
2012 LSK Kvinner Stabæk Arna-Bjørnar Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 25
2013 Stabæk LSK Kvinner Arna-Bjørnar Elise Thorsnes, Stabæk 19
2014 LSK Kvinner Stabæk Arna-Bjørnar Debinha, Avaldsnes 20
2015 LSK Kvinner Avaldsnes Røa Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 19
2016 LSK Kvinner Avaldsnes Stabæk Isabell Herlovsen, LSK Kvinner 30
2017 LSK Kvinner Avaldsnes Stabæk Guro Reiten, LSK Kvinner 18
2018

Lag med flest seriemeisterskap

Oppdatert avslutta sesong 2012.

Antall Lag
7 Trondheims-Ørn
6 Asker
5 Røa
4 Athene Moss1,2
3 Kolbotn
1 Nymark2, Klepp, Stabæk, Lillestrøm

1 = Alle seriemeisterskapa under namnet Sprint/Jeløy. 2 = Nymarks og to av Sprint/Jeløys meisterskap var før 1987, og tel ikkje alltid i oversikter.

Lag med flest seriemedaljar

Oppdatert per avslutta sesong 2012

Tal Lag
18 Asker
16 Trondheims-Ørn
10 Athene Moss1, Kolbotn
7 Klepp, Røa
5 Lillestrøm²
4 Stabæk
3 Sandviken
2 Nymark, Fløya, Arna-Bjørnar
1 Troll, Grand-Bodø

1 = Ni av medaljane under namnet Sprint/Jeløy.
2 = To medaljar under namnet Setskog/Høland og to under namnet Team Strømmen.

Namneendringar

Denne tabellen viser først klubbar som har skifta namn, det vil si der kvinnelaget anten berre har skifta namn eller gått ut av den tidlegare klubben og danna ein ny. Dette inkluderer lag der kvinnelaget forsvinn, men klubben held fram med anna. I den andre delen viser tabellen lag som har tatt over plassen til andre lag gjennom avtale. Det tar ikkje omsyn til lag som rykker opp som resultat av at lag trekker seg, men avtalar der ein klubb tar over plassen til ein annan klubb og som oftast spelarar. Den siste delen tar med lag som aldri har vore i den øvste divisjonen, men som likevel har vore med i kvinnefotball i lengre tid.

Noverande namn Tidlegare namn Opphavlege namn
Amazon Grimstad (1999-) Jerv
Arna-Bjørnar (2001-) Bjørnar Idrettslag(??-2001)
Arna Turn og Idrettslag (-2001)
Ådnamarka
Arna Turn og Idrettslag
Rapid/Athene Athene Moss (1997-2001)1 Sprint/Jeløy (-1997)
Fortuna Ålesund (1991-) Guard
(nedlagd)2 Nittedal Gjelleråsen
(nedlagd) Fotballklubben Larvik (1997-2010) Halsen
Nanset
Linderud-Grei Linderud IL
SF Grei
LSK Kvinner (2010-) Team Strømmen (2002-2009)
Setskog-Høland (1989-2001)
Setskog (-1989)
Høland (-1989)

Lag som har teke over plassen, men ikkje laget
Ny klubb Mellomstadion Tidlegare klubb
Fortuna Ålesund SIF/Fortuna Spjelkavik
Stabæk Asker

Lag som ikkje har spelt i Toppserien
Noverande namn Tidlegare namn Opphavleg namn
Raufoss (2010-) Gjøvik Fotballklubb (2005-2009)
Gjøvik/Reinsvoll (2002-2004)
Gjøvik Fotballklubb (1996-2002)
Raufoss/Vind
Urædd Bamble Stathelle

1=Topplaget vart nedlagt, men Athene Moss finst framleis på J16-nivå og nedover.
2=Nedlagd på elitenivå. Spelar framleis for junior.

Lag i kursiv har ikkje spelt i den øvste divisjonen, men vert teke med for å sjå på tendensen. Lag i feit skrift er namnet laget brukte i den øvste divisjonen

Fortuna Ålesund og Stabæk tok derimot ikkje over respektive Spjelkavik eller Asker, og dermed reknast dei som separate eininga mellom anna i maratontabellen.

Av langt mindre dramatiske skifte var den at Trondheims/Ørn bytta til Trondheims-Ørn i 2003. Troll vart til Rindals-Troll. Kattem heitte ei stund Kattem/Leinstrand.

Utbreiing

Geografisk har Toppserien blitt godt representert av dei fleste fylke. Berre Telemark, Oppland og Finnmark har ikkje vore i den øvste divisjonen. Ei geografisk inndeling av laga etter fylke ser slik ut (inkludert 2012-sesongen):

Fylke Lag i alt Laga
Akershus 7 Asker, Stabæk, Jardar, Kolbotn, LSK Kvinner, Skedsmo, Gjelleråsen
Oslo 5 Røa, Bøler, BUL1, Linderud-Grei, Vålerenga
Møre og Romsdal 4 Molde, Fortuna, Spjelkavik2, Troll
Sør-Trøndelag 4 Trondheims-Ørn, Byåsen, Kattem, Heimdal
Rogaland 3 Klepp, Haugar, Vard
Hordaland 2 Sandviken, Arna-Bjørnar
Troms 2 Fløya, Medkila
Østfold 1 Sprint/Jeløy/Athene Moss
Nordland 1 Grand Bodø
Aust-Agder 1 Amazon Grimstad
Vestfold 1 Larvik
Buskerud 1 Liungen
Vest-Agder 1 Donn
Nord-Trøndelag 1 Verdal
Hedmark 1 Fart
Sogn og Fjordane 1 Kaupanger

1 = BUL var Oslo-basert i heile karrieren sin som topplag i 1. divisjon for kvinner.
2 = Det finst argument for at Spjelkavik og Fortuna reknast som same lag, men det førelåg ingen offisiell samanslåing.

Rekordar

Maratontabell

Tabellen tar med alle kampane frå 1987 til og med 2012.

Lag K V U T + P3 PPK3 Ses
Trondheims-Ørn 492 299 70 123 1367 651 967 1,97 26 TS
Asker 386 270 45 71 1236 448 855 2,22 21 4
Lillestrøm 492 229 68 195 1063 1033 753 1,53 26 TS
Kolbotn 348 217 50 81 952 448 701 2,01 18 TS
Klepp 492 195 96 201 896 896 681 1,38 26 TS
Røa 240 157 31 52 639 291 502 2,09 12 TS
Arna-Bjørnar 294 149 48 97 688 479 495 1,68 15 TS
Athene Moss 270 143 46 81 664 404 475 1,76 15 3
Sandviken 376 128 58 190 603 849 442 1,18 20 TS
Fløya 232 69 32 131 345 548 239 1,03 12 1
Stabæk 88 64 18 6 282 54 210 2,39 4 TS
Amazon Grimstad 150 50 22 78 201 276 172 1,15 7 TS
Bøler 144 36 34 74 196 361 142 0,99 8 -
Kattem 150 32 20 98 180 413 116 0,77 7 TS
Grand Bodø 148 28 21 99 170 443 105 0,71 8 1
Donn 76 30 10 36 114 163 100 1,32 4 2
BUL, Oslo 72 17 9 46 91 182 60 0,83 4 -
Jardar 90 15 12 63 128 253 57 0,63 5 -
Haugar 54 14 8 32 70 124 50 0,93 3 2
Skedsmo 54 14 7 33 81 176 49 0,91 3 -
Larvik 76 10 12 54 83 260 42 0,55 4 -
Liungen 72 10 7 55 86 280 37 0,51 4 3
Byåsen 72 7 7 58 59 260 28 0,39 4 2
Vålerenga 22 6 5 11 27 47 23 1,05 1 TS
Medkila 40 5 4 31 32 128 19 0,48 2 1
Heimdal 18 4 2 12 27 76 14 0,78 1 -
Linderud-Grei 44 3 5 36 32 158 14 0,32 2 1
Troll 18 2 5 11 17 33 11 0,61 1 -
Vard 18 3 0 15 11 82 9 0,50 1 -
Gjelleråsen 18 0 6 12 22 61 6 0,33 1 -
Spjelkavik 18 1 2 15 23 65 5 0,28 1 -
Molde 18 1 1 16 11 62 4 0,22 1 2
Fortuna Ålesund 22 0 3 19 18 87 3 0,14 1 1
Verdal 18 1 0 17 25 88 3 0,17 1 3
Kaupanger 18 0 1 17 5 94 1 0,06 1 1
Fart 44 0 1 43 22 193 1 0,02 2 1
  • Sprint/Jeløy vart til Athene Moss i 1997
  • Setskog/Høland vart til Team Strømmen i 2000 og LSK Kvinner i 2010
  • Bjørnar var med å danne Arna-Bjørnar i 2001
  • Stabæk tok over toppserielisensen til Asker i 2009, men ikkje resten av breiddefotballen, og dei to er derfor rekna forskjellig.

Lag i serien i 2020

Kjelder

  1. Ny strategi for kvinnefotballen – fotball.no, 7. mars 2012, hetet 13. april 2012

Sjå òg

Bakgrunnsstoff