Tragus er ein liten framstikkande bruskfold i øyremuslingen som ligg framføre cavum concha, og som peikar bakover mot øyregangen.[1] Namnet kjem av gresktragos, som tydar geit, og skildrar likskapen mellom håret på tragus og skjegget til ein bukk, eller geiteragg.[2]Antitragus ligg i nærleiken og peikar framover og oppover.[3]
Tragus peikar bakover og medverkar dimed til å fange opp lyd bakfrå. Desse lydbølgjene er meir forseinka enn dei som kjem frå framsida, noko som gjer at hjernen klarar å skilje mellom lydar som kjem bakfrå og framifrå.[4]
Ved positiv fistelprøve som skuldast kolesteatom i labyrinten, kan trykk på tragus føre til vertigo eller augedeviasjon som følgje av rørsle i perilymfvæska.[5]
Fleire bilete
Horisontalt tverrsnitt gjennom øvre halvdel av det venstre øyret
Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret
Høgre øyremusling sett frå den ytre oversida av det høgre øyret