Trampoline (frå italiensk trampoli, 'styltrar'[1][2]) er eit turn- og leikeapparat. Det er bygd opp av røyr av galvanisert stål som ramme, og med ein duk festa til ramma ved hjelp av fjører.[3][4] Ved å hoppa oppå dette apparatet kan ein spretta opp i lufta ved hjelp av fjøringa, som strekker seg i det ein landar og trekk seg raskt saman igjen.[5]
Den moderne trampolinen blei oppfunnen av amerikanaren George Nissen i 1936. Under andre verdskrigen blei trampolinane hans brukte til trening av pilotar for å auka evna deira til å orientera seg i lufta. Trampolinen ein kjenner i dag finst mykje takka vera Nissen.
Frå 1. januar 1999 blei trampolinesport ein del av Dei olympiske leikane i både manns- og kvinneklassen. Trampolinesporten er, utanom ein barneaktivitet, også ei idrettsgrein innanfor turn som har ein særs høg kvalitet. Trampoline i OL har så langt funne stad i Sydney (2000) og Beijing (2008).[6]
Trampolinebruk gjev god trening for heile kroppen, og styrkar spesielt ryggen, magen og beina. I tillegg gjev det god balanse og koordinasjon. Etterkvart som ein blir betre, kan ein prøve på moment, og romkoordinasjonen vil forbetra seg mykje.
Eit moment på trampoline strekk seg frå eit heilt vanleg strekkhopp til enkle saltoar, enkle vendingar og kompliserte doble/triple/firedobla saltoar både med og utan skru.
Dei vanlegaste momenta ein utfører på ein trampoline er: