Tradisjonelle nederlandske tresko

Tresko, eller klogger, er sko som er laga heilt eller delvis av tre. Dei kan vere uthola av eitt trestykke, eller dei kan ha sole av tre og overdel av lêr eller eit anna materiale.

Historie

Alt i antikken vart sandalar med tresole nytta, og i mellomalderen nytta folk eit slags tresko som vart kalla patina for å verne finare sko frå skitt og gjørme. Frå mellomalderen av kjenner vi til eigne laug for treskomakarar. Enkle tresko har vore nytta på landsbygda i Europa i fleire hundre år, og mange stader er dei framleis vanlege. Geta er tradisjonelle tresandalar frå Japan.

Tresko med overdel i lêr

Produksjon av tresko i Noreg

Eik treskofabrikk på Moi produserer framleis tresko, og har eige fabrikkutsal. Sellevåg Treskofabrikk i Gulen kommune er ein freda og intakt treskofabrikk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tresko