Triangelgalaksen (katalogisert M33 og NGC 598) er ein spiralgalakse som ligg rundt 3 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Triangelet.[1] Etter Andromedagalaksen er Triangelgalaksen den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen.[2] I motsetnad til Andromedagalaksen, som frå Mjølkevegen blir sett nesten ifrå sida, blir Triangelgalaksen sett meir på hell. Dette gjer at ein kan observera den indre strukturen til Triangelgalaksen mykje enklare.[2]
Triangelgalaksen er over 50 000 lysår i diameter og er den tredje største galaksen i Den lokale gruppa, rangert etter Andromedagalaksen og Mjølkevegen.[1]