Tuja | |
![]() Tuja | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av tuja | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Sypressfamilien Cupressaceae |
Underfamilie: | Thujoideae |
Slekt: | Tujaslekta Thuja |
Art: | Tuja T. occidentalis |
Vitskapleg namn | |
Thuja occidentalis |
Austamerikansk tuja eller berre tuja er eit mellomstort eviggrønt tre med ei slank og kjegleaktig vekstform. Stomnen er rak og gjennomgåande til toppen. Hovudgreinene er vassrette og litt hengande. Borken er først lysegrøn, så vert han raudbrun, og til sist sprekk han opp i lange smale furer med avskalande strimlar i mellom. Knoppane er ikkje så synlege, og «lauvet» består av flate skotsystem med skjelforma nåler. Skjella er gulgrøne på begge sider, mest lyse under. Kvart av dei midte skjella har på undersida ein oppusta, gyllen, klar kjertel på den ytste tredjedelen. Hann- og hoblomstrar sit kvar for seg på spissen av ettårsskota. Konglane har form som bittesmå tulipanblomstrar. Dei er først lysegrøne, men vert raskt lysebrune. Frøa mognar godt og spirer villig i temperert klima.
Tujaen er pionértre på fuktig mark overalt i det midt-austlege USA og Canada. Treet finst vanleg på leirjord over kalkstein og dannar ofte reine bestandar på oppgjevne markar og enger på fuktige men veldrenerte jorder. Treet finst elles saman med eit titals andre treslag.