Tune kyrkje | |||
kyrkje | |||
Tune kyrkje
Foto: PerPlex | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Søndre Borgesyssel | ||
Sokn | Tune | ||
Arkitekt | Heinrich Jürgensen | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein og tegl | ||
Innvigd | 30. desember 1910 | ||
• Endringar | 1950, 1960 | ||
Tårn | I vest | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Kross på altaret | ||
Sitjeplassar | 550 | ||
Diverse | Freske på altarveggen måla av Enevold Thømt i 1911 | ||
Tune kyrkje 59°17′32″N 11°05′00″E / 59.29222222°N 11.08333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tune kirke |
Tune kyrkje er ei langkyrkje i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart oppført i 1908–10 etter at den førre kyrkja, som var frå 1865, brann i 1908. Elles har det vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.
Kyrkja er bygd dels av stein, dels av tegl forblenda med stein. Ho har 550 sitjeplassar. Ein runestein, Tunesteinen, vart funnen her i 1627.
Dagens Tune kyrkje står der det tidlegare har stått minst to, truleg tre, eldre kyrkjer. Den eldste kyrkja me veit at har stått her, vart bygd seinast rundt 1100, for då er ho nemnt i Borgartingslova som ei av seks fylkeskyrkjer i Vika.[1] Da denne kyrkja, ei romansk steinkyrkje i kleberstein, vart bygd, kan det ha vore på grunnen til ei enno eldre trekyrkje. Steinkyrkja frå 1100-talet vart reve i 1863. Under rivinga vart det funne ein stein med årstalet 1055 i romertal. Dette kan kan ha vore kyrkjas byggeår.[2]
I 1865 vart det bygd ei ny, større kyrkje etter at den gamle fra 1100 var reven. Denne hadde heile 1100 sitteplasser. I 1908 brant kyrkja og vart totalskada. Det var mistanke om at brannen var påsatt.[3]
Dagens Tune kyrkje vart bygd på same stad som den kyrkja frå 1865 stod. Ho vart innvia 30. desember 1910. Kyrkja er tegna av arkitekt Heinrich Jürgensen. Kyrkja vart pussa opp i ved 50-årsjubileet, og seinare ved 75- og 100-årsjubilea.[4]