Tverrelvdalen | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Areal | 0,37 km² | ||
Folketal | 457 (2023) | ||
Folketettleik | 1 235 / km² | ||
![]() Tverrelvdalen 69°55′24″N 23°29′45″E / 69.923333°N 23.495833°E |
Tverrelvdalen er ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark fylke. Staden ligg søraust for byen Alta og har 457 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Staden er særleg kjend for å ha eit talemål ulikt resten av Finnmark, sidan det var utvandrande gudbrandsdøler som busette seg der på 1830-talet, altso ein generasjon etter at øysterdølene busette Bardu og gudbrandsdølene Målselv i Indre Troms. Talemålet er utsett for mykje eksponering og utjamning av områda rundt, der dei talar ytre finnmarksk. Talemålet i dag er mykje utvatna, men om nokon er interesserte kan de høyra litt på korleis det var hjå gamle på 1980-talet[1]. I tillegg til Tverrelvdal og Indre Troms so finn ein eit vestlandsk innflytjarmål (frå Voss?) på Kiby og Ekkerøy utanfor Vadsø[2], Sanitetsdalen og sørdelen av Hattfjelldal av trønder og austlendingar[3].