Eit underhus eller andrekammer er eit av to kammer i ei politisk forsamling med to kammer; det andre er overhuset eller førstekammeret.[1] Det er typisk ei større forsamling enn det tilsvarande overhuset, og har gjerne folkevalde medlemmer,[2] medan overhuset kan ha medlemmer med ein annan bakgrunn.
Underhuset deler lovgjevande makt med overhuset, men har i dag ofte større makt enn overhuset. I parlamentariske system er det vanlegvis underhuset åleine som vel regjeringssjef, og som kan fjerna denne gjennom mistillitsforslag.