Undheim kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Jæren | ||
Sokn | Undheim | ||
Fellesråd | Time | ||
Teknikk | Mur | ||
Stopul | Ja | ||
Sitjeplassar | 300 + 40 | ||
Undheim kyrkje 58°40′59″N 5°46′44″E / 58.68305556°N 5.77888889°E | |||
Wikimedia Commons: Undheim kirke |
Undheim kyrkje eller Undheimkyrkja (opphaveleg Undheim kapell) er ei kyrkje i Time kommune i Rogaland fylke som vart innvigd 9. desember 2001. Kyrkja avløyste eit kapell frå 1921 som brann ned 10. juli 1998. Byggverket frå 1921[1] var i tre og hadde 260 sitjeplassar.
Den nye kyrkja vart flytta noko lengre nord samstundes som ho vart lagd i nord/sør-retning med inngang frå sør. Kyrkja er teikna av Signatur Arkitekter (seinare fusjonert inn i Link Arkitektur). Det er 300 sitjeplassar i kyrkjesalen og 40 på galleriet. Kyrkja har førebels eit elektronisk orgel.[2] Taket vart tekt om i 2018.[3]