Varepengar er pengar som har ein verdi ut frå vara dei utgjer. Varepengar består av gjenstandar som har verdi i seg sjølv, i tillegg til ein verdi som betalingsmiddel.[1]
Varepengar (og varer) er den eldste forma for betalingsmiddel og mål av verdi.[2] Nokre døme på varer som har blitt brukt som byttemiddel er blant anna edelmetall som gull og sølv, i tillegg til kopar, som var blant dei best eigna varene ettersom dei hadde ein stabil verdi, og var både haldbare og delbare.[2] I tillegg til edelmetall har salt, peparkorn, te, store steiner (som rai-steinar), tekstilar, dekorerte belte, konkyliar, alkohol, sigarettar, cannabis, godteri, kakaobønner, kauriskjel og bygg hatt funksjon som varepengar gjennom historia.
Vadmål, ulltekstilar som blei gjevne særskilde verdiar og mål gjennom lovverket, blei brukt som betalingsmiddel på Island frå 1100-talet til inn på 1600-talet.[3]
I Canada, der Hudson's Bay Company og andre føretak som dreiv med pelshandel kontrollerte store delar av landet, fann pelshandlarar raskt ut av lokale folk ikkje var interesserte i å bytta til seg gull og sølv. Dei ville heller ha nyttige varer som våpen og reiskapar. I staden for å driva byttehandel, laga dei eit system som bygde på beverpels (ein såkalla made beaver, frå ein beverhann fanga om vinteren) som standard, og prissette varene etter dette:
Ein konverterte pels frå andre dyr til beverpelsar etter standardiserte verdiar, og skapte slik ein valuta i ein økonomi der ein ikkje verdsette edelmetall.[4] Men handelspostar kunne også bytta beverskinn mot myntar av kopar eller messing med Hudson's Bay Company sitt stempel på.
Sigarettar og bensjun blei brukte som ei form for varepengar i nokre delar av Europa, som Tyskland, Frankrike og Belgia, like etter andre verdskrigen.[5] Sigarettar har halde fram med å brukast i fengsel og i krigsherja område der ein har mangelfull varetilgang eller økonomisk kollaps, som under omleiringa av Sarajevo i 1993[6] eller i russisk-okkuperte Kherson i 2022.[7]