Vasilij Kudinov


Statsborgarskap Russland
Fødd 17. februar 1969
Ilyinka
Død 11. februar 2017 (47 år)
Astrakhan
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Handball-VM 1993 for menn, Handball-VM 1997 for menn, Handball-EM 1996 for menn
Utmerkingar Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Vasilij Kudinov (17. februar 196911. februar 2017) var ein russisk handballspelar. Han vann to gull- og ein bronsemedalje i olympiske leikar i tida 1992–2004, to VM-gull og eitt VM-sølv i tida 1993–1999, og dessutan gull- og sølvmedalje i europameisterskap. På klubbnivå vart han seriemeister i fire ulike land: Sovjetunionen, Frankrike, Tyskland, Japan og vann EHF-cupen med SC Magdeburg. Kudinov var venstre rykkromspelar.

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Kudinov var frå 1987 til 1992 aktiv i Dynamo Astrakhan. Sidan gjorde han i fem år teneste for franske Ivry. Dei neste fire åra, 1997–2001, spelte han fyrst i tre år for tyske Hameln og så ein sesong i SC Magdeburg. Den eine sesongen i Magdeburg kom til å verte hans høgdepunkt som klubbspelar, med di laget gjekk til topps i bundesligaen og slo kroatiske Metković med store siffer i finalen i EHF-cupen. Deretter gjekk turen til japanske Honda Suzuka, før han avslutta med spel for Dynamo Astrakhan i 2004/5.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Kudinov debuterte på det sovjetiske landslaget i 1990. Med eks-Sovjetunionen vann han ein gullmedalje under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Året etter vart han verdsmeister med Russland sitt landslag. Deretter var han med å tape finalen i EM 1994 og vinne finalane i EM 1996 og VM 1997. I to av desse tre siste finalane møtte han og lagkameratane hans Sverige til dyst. Også i VM 1999 og Sommar-OL 2000 var Sverige finalemotstandar. I VM-finalen sigra Sverige, OL-finalen i Sydney enda i triumf for Russland og Kudinov. Han avslutta medaljehausten med ein OL-bronse under sommarleikane 2004 i Aten.

Kudinov var toppskårar ved EM 1994. Han fekk plass på all-star-laget både då, og ved VM 1997 og VM 1999.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]