Veblungsnes

62°33′10″N 7°40′19″E / 62.55278°N 7.67194°E / 62.55278; 7.67194 Veblungsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal ligg inst i Romsdalsfjorden ved utløpet av elva Rauma. Staden har frå gamalt vore knutepunkt i Indre Romsdal. Det er spor etter svært gamal busetnad her.

Veblungsnes utvikla seg og voks til 1940. Då vart ein stor del av husa øydelagde av bombing i aprilsdagane. Etter krigen vart staden bygd opp att, men vart ikkje så viktig som den hadde vore før. Sjølv om eit større bustadfelt kom i 70, 80 og 90-åra, har utviklinga vore negativ; med nedlegging av skule, butikk og postkontor. I dag bur ca. 250 menneske på det som er naturleg å rekne med til Veblungsnes, frå Setnes til Djupdalen.

E 136 går gjennom staden, som ligg 3 km frå Åndalsnes. Føretak som ein finn her er Rauma Ullvarefabrikk, Veblungsnes Sandtak med ferdigbetong, HV11 på den gamle ekserserplassen Setnesmoen og Åndalsnes Vandreheim på Setnes.

Kjende personar frå Veblungsnes

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Veblungsnes