Venke Knutson

Fødd20. oktober 1978 (45 år)
FødestadBirkeland
OpphavNoreg
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar

Venke Knutson (fødd 20. oktober 1978) er ein norsk popartist.

Bakgrunn

Knutson vaks opp i ein musikalsk familie i bygda Birkeland i Aust-Agder. Ho opptredde som vokalist for fyrste gong i 1996 og byrja på lærarutdanninga i 1998. Knutson jobba som barneskulelærar på Bryn skole, men la lærarjobben på hylla for å bruke meir tid på musikken.

Musikkarriere

I byrjinga av musikkarrieren kora Knutson for andre artistar, blant anna i bandet S.P.O.O.N med Erik Faber som vokalist då bandet vann NM i rock i 1999. Ho drog seinare til USA saman med familien og budde på sjømannskyrkja i Houston, der dei vart buande nokre år. På denne tida song ho i kor, og det var då ho verkeleg fekk smaken for musikk. Før Knutson fekk platekontrakt, var ho blant anna leiar for lovsangen i Storsalen forsamling i Oslo. Våren 2003 fekk Knutson platekontrakt med plateselskapet Universal, i samarbeid med hennar gamle manager Jan Fredrik Karlsen. Den fyrste singelen ho gav ut heitte Panic. Albumet Scared kom i 2004. Singelen «Kiss» vart ein stor hit sommaren 2004 og låg fleire veker som nummer 1 på radiolista. Hausten 2005 gav ho ut singelen «Just a Minute» frå sitt andre album Places I Have Been. Etter 4 veker på VG-lista vart dette hennar fyrste singel som klarte å kapre fyrsteplassen.

Knutson har Bon Jovi som sitt førebilete og har ein forkjærleik for gitarar.[1] Ho har òg spelt trommar.

I 2008 var Knutson med på barneplata Magiske kroker & hemmeligheter;; produsert av Linn Skåber og Jacob Young, med songen «Vinteren er her».[2][2]

I januar 2010 var Knutson med som deltakar i Melodi Grand Prix. Ho gjekk vidare til den norske finalen via «Siste sjansen» som vart arrangert i Sarpsborg 30. januar, med låten «Jealous 'Cause I Love You» skrive av Laila Samuelsen, Alexander Kronlund og Lucas Hilbert.

Knutson driv i dag Poprommet Musikkskole, med avdelingar i Oslo, Ås og Bodø, i tillegg til at ho er aktiv som artist.

Diskografi

Album

Singlar

Referansar

  1. Venke gjør som Marlin, Dagbladet, 2. mars 2004
  2. 2,0 2,1 (no) «DIVERSE ARTISTER: Magiske Kroker Og Hemmeligheter - Sanger Av Linn Skåber Og Jacob Young». Platekompaniet.no. Henta 21. februar 2009.