Vera Henriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1927
Oslo
Død

23. mai 2016 (89 år)
Lom kommune

Yrke skodespelforfattar, skribent
Språk norsk
Far Ragnvald Alfred Roscher Lund

Vera Henriksen (fødd Vera-Margrethe Roscher Lund22. mars 192723. mai 2016) var ein norsk forfattar.

Henriksen vart fødd og voks opp i Oslo. I åra mellom 1946 og 1963 budde ho i USA, der ho studerte arkitektur og kunsthistorie. Seinare busette ho seg i Lom, der ho døydde.

Ho debuterte i 1961 med romanen Sølvhammeren, første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn, kom i 1962, og den siste boka, Helgenkongen, kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet, og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret og populærvitskaplege framstillingar av sagatidsemne.

Vera Henriksen skreiv mange romanar der handlinga er lagt til mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom.

Vera Henriksen var dotter til Alfred Roscher Lund, den første sjefen for Etterretningstenesta.

Bibliografi

Prisar

Bakgrunnsstoff