Japanske verb for «å gje» og «å ta imot». Kva verb ein bruker blir bestemt av statusen til gjevaren og mottakaren.

Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne).

Valens

Valensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:

Univalente verb

Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:

Bivalente verb

Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):

Trivalente verb

Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:

Andre typar valens

På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:

Verbbøying

Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbformer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.

Finitte verbformer

Modus

For meir om dette emnet, sjå modus.

Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegna. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.

Tid (tempus)

Aspekt

For meir om dette emnet, sjå aspekt i grammatikken.

Infinitte verbformer

Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp.

Infinitivar

Gerundiumsformer

Partisippformer

Sjå Partisipp

Kongruens

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.