Vestalinne (latin vestales, virgines vestales) var ein prest for gudinna Vesta i Roma i antikken. Vestalinnene var unge kvinner som avla løfte om å vera kyske medan dei tente i Vesta-tempelet.[1]
Dei heldt den heilage elden på altaret brennande i tempelet på Forum Romanum. Gjekk elden ut, ville det varsla Roma sin undergang. Seks vestalinner tente i tempelet om gongen.[1] I førstninga var dei berre to, seinare var dei fire.[2] Dei budde i Atrium Vestœ ved sida av tempelet.[3]
Vestalinnene kom gjerne frå dei fremste familiane i Roma, og hadde ei høg stilling i samfunnet som prestinner. Dei byrja tenestetida si då dei var 6-10 år, og blei verande i tempelet i 30 år.[1] Dei første 10 åra fekk dei opplæring som noviser, så blei dei prestinner. Når tenestetida var slutt, gjekk dei ut og kunne gifta seg. Dette verker det likevel å ha vore få som gjorde.[3]
Pontifex maximus valde ut nye vestalinner gjennom loddtrekking.[3] Han var den einaste mannen som kunne gå inn i tempelet, og hadde farsmynde over vestalinnene.[1] Dersom ei vestalinne braut løftet om å vera kysk blei ho straffa ved å gravleggjast levande.[1] Ei vestalinne kunne òg bli straffa for å la elden sløkka, ettersom dette ville seia at gudinna for årestaden hadde trekt tilbake vernet sitt av byen. Straffa for dette var slåing eller pisking, visstnok i mørkret gjennom eit forheng for å ikkje fornærma blygda til vestalinna.[4]
Vestalinnekulten gjekk truleg tilbake i løpet av 300-talet.[5] I 394 blei han avskaffa av keisar Theodosius I i kampen hans mot heidenskap i det no kristne Romarriket.[6]