Vitsetegning er tegne- og illustrasjonskunst der hensikten med teikningen er å mora den som ser han. Ein vitseteikning kan vera med eller utan tekst. Det vil seia at poenget anten kan formidlast gjennom teikningen eller gjennom teksten. Ofte er det eit samspel mellom tekst og bilde. Vitseteikningar finst særleg i blad og aviser og blir laga av avisteiknarar og illustratørar, tekstforfattarar og vitsemakarar.
Humoristiske bilde har lange tradisjonar i kunsthistoria. Underhaldande vitseteikningar for eit massepublikum oppstod fyrst med trykkekunsten på 1500-talet, men voks spesielt med den europeiske vittigheitspressa frå 1700- og 1800-talet. Dei poengterte småteikningane, morosame teikneseriane og satiriske karikaturane til vittigheitsblada blei spreidde vidare på 1900-talet, med lettare variantar særleg i USA. I dag finn ein humoristiske teikningar både i teikneseriar, humorblad, aviser og vekeblad, ofte i form av enkeltteikningar eller såkalla avis- eller teikneseriestriper. Vitseteikningane blir ofte distribuerte gjennom internasjonale pressebyrå.