Voltaire

Pseudonym Voltaire, Bénédictin
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. november 1694
Paris
Død

30. mai 1778 (83 år)
Paris

Yrke filosof, lyrikar, historikar, essayist, skodespelforfattar, sjølvbiograf, dagbokskrivar, diktarjurist, science fiction-forfattar, Encyclopédistes, korrespondent, statsvitar, skribent
Språk fransk
Sjanger roman
Medlem av Royal Society, Académie française, Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det russiske vitskapsakademiet, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, frimureri, Accademia della Crusca
Religion ateisme
Far François d'Arouet
Mor Marguerite d'Aumard
Signatur
Voltaire på Commons

Voltaire, eigentleg François-Marie Arouet, (21. november 169430. mai 1778) var ein fransk forfattar, dramatikar og samfunnskritikar.

Liv og virke

Han vart fødd i Paris som son av notaren François Arouet og Marie-Marguerite D'Aumard. Arouetfamilien var ein velståande kjøpmannsfamilie, og François var 5. barn i søskenflokken.

Forfattarskap

Voltaire var ein produktiv forfattar, som skreiv verk i nesten kvar einaste litterære form og sjanger. Han skreiv skodespel, poesi, romanar, essay, historiske og vitskapelege verk, meir enn 20 000 brev og meir enn 2000 bøker og pamflettar.

Filosof

Voltaire var ein av opplysningstida sine store filosofar, og ein stor forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Han er tillagd den klassiske formuleringa av toleranseprinsippet: «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier.» I dag veit ein at sitatet truleg er laga av Evelyn Beatrice Hall, sidan det har vore umogleg å finne dette sitatet i Voltaire sine verk. Det er truleg ein parafrase over eit uttrykk i eit brev han skreiv i februar 1770 til M. le Riche, der det heiter: «Eg avskyr det du skriv, men eg vil ofre livet for å gjere det mogleg for deg å halde fram med å skrive.»[1]

Verk

Filosofiske brev
Candide

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Voltaire