L'Origine du monde, måleri av vulva-området frå 1866 av Gustave Courbet.

Vulva er dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, altså det ein kan sjå mellom beina på ei kvinne. Området er sterkt tabubelagt i mange kulturar, der ein unngår å visa det fram eller omtala det. I andre kulturar er derimot dei synlege kvinnelege kjønnsorgana knytte til livgjeving og fruktbarheit, og kan sjåast på som kraftfylde og guddommelege.

Skildring

Teikning av vulva der kjønnsleppene er drege noko frå kvarandre. Ein kan her sjå klitoris og skjedeopninga.

Dei ytre kjønnsorgana til kvinna omfattar

Dei ytre delane av vulva er dekte av kjønnshår etter puberteten.

Vulva i religion og kultur

Stilisert helleristing av vulva frå steinalderen.
Irsk Sheela na Gig-figur som viser fram kjønnsorganet sitt.

Innan fleire religionar finn ein døme på at vulva er blitt framheva i skulpturar eller framstilt for seg sjølv, gjerne i ei stilisert form. Visse former for hinduisme tilber framleis yoni, ei vulvaframstilling, som symbol på kvinneleg kraft.

Omtale av vulva

Fordi vulva er eit tabuområde, er det knytt mange tabuord til kroppsdelen. Tabuet har også ført til at ein feilaktig bruker vagina, det latinske ordet for skjeden, om dei ytre kjønnsorgana.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Vulva
Menneskelege
kjønnsorgan

Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor
Hos mannen: penis, testiklar, prostata, sædleiarar, sædblærer

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.