Waal | |||
elv | |||
Flaum i Waal
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Grote rivieren | ||
Renn gjennom | Nijmegen, Tiel, Zaltbommel, Gorinchem | ||
Lengd | 80 km | ||
Kjelde | Rhinen | ||
Munning | Boven-Merwede | ||
![]() Waal 51°53′30″N 5°31′15″E / 51.891749°N 5.520716°E | |||
Wikimedia Commons: Waal | |||
Waal er den største bielva til Rhinen og renn gjennom sentrale område av Nederland med ei lengd på 80 km før ho renn i saman med Afgedamde Maas nær Woudrichem og dannar Boven-Merwede. Ho er ei stor elv og den viktigaste transportåra til hamna i Rotterdam og Tyskland. Av byar langs elva finn ein Nijmegen, Tiel, Zaltbommel og Gorinchem. Elva fører 65 % av den totale vassmengda i Rhinen.
Namnet Waal, i romartida kalla Vacalis, Vahalis eller Valis, seinare Vahal, er av germansk opphav og er kalla opp etter dei mange meandera i elva (gammalgermansk wôh, «krum»).
Den noverande elva viser få teikn etter desse store svingane sidan elva har vorte retta opp i løpet av mange prosjekt frå 1700- til 1900-talet for å betre elvefarten på elva. Nokre av svingane som ikkje lenger heng saman med elva er framleis synleg nær elva og i flaumsituasjonar vert dei stundom igjen delar av elva.
I mellomalderen vart namnet Waal nytta om elva etter ho rann saman med Maas. Denne delen heiter i dag Boven Merwede. Beneden Merwede og den øvre delen av Noord vart òg kalla Waal. Nær Hendrik-Ido-Ambacht heldt hovudleia fram vestover til ho rann saman med elva Oude Maas nær Heerjansdam. Det siste strekket forbi Hendrik-Ido-Ambacht, mellom øyane IJsselmonde og Zwijndrechtse Waard vert framleis kalla Waal.[1] Elva er demd opp i begge ender.
Jernbanebruer går over øya mellom Nijmegen og Nijmegen Lent, og mellom Zaltbommel og Geldermalsen
Waal har særs dårleg vasskvalitet på grunn av utslepp av rå kloakk i Frankrike, Tyskland og Belgia.[2] Fleire patogen har oppstått i elva på grunn av desse utsleppa.