Wagner-Werk-Verzeichnis (WWV) er en forteikning over verka til komponisten Richard Wagner. Ho omfattar 113 musikkverk og blei utarbeidd av John Deathridge, Martin Geck og Egon Voss, og gjeven ut av Schott Music i 1986.

Forteikninga inneheld dokumentasjon samla frå Wagner sine originalar: manuskript, utkast, skisser, fyrste renskrift av tekstane til Wagner, om utføring av komposisjonane, forskjell mellom skisser, partitur, klaverversjonar osv. Det blir også gjeve rettleiing om publiserte verksutgåver og forklaringar på tilbliing og oppføringspraksis til alle 113 verka.

Musikkdrama

Orkesterverk

Klaververk og lieder

Andre verk

Verkforteikninga omfattar alt påviseleg materiale som Wagner sette ned på papir, også slikt som er delvis tapt eller som han sjølv øydela. WWV 1 er Wagner sitt fyrste forsøk på eit dramatisk verk, sørgespelet Leubald. I 1989 fekk dette verket ei sein uroppføring på studioscena i Bayreuth. Forteikninga omfattar også små leilegheitsverk, som albumblad, dedikasjonar (t.d. Albumblatt für Betty Schott, WWV 108), fragment eller tekstar til tiltenkte komposisjonar som det ikkje blei noko av, til dømes Jesus von Nazareth, WWV 80. I tillegg er enkelte omarbeidingar av verk av andre komponistar, som Christoph Willibald Gluck sin Iphigenie en Aulide (WWV 77), som i flere tiår var den versjonen som blei spelt mest på europeiske scener, og ei omarbeiding av Mozart sin Don Giovanni (WWV 83) og mykje anna.

Kjelder

Litteratur