Weinfelden
Horisonten til Weinfelden
Horisonten til Weinfelden
Kommunevåpenet til Weinfelden
Kommunevåpenet til Weinfelden


Plassering
Weinfelden is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Thurgau
Distrikt Weinfelden
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

15,5 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2009)
   - folketettleik

10 141
  654,3 /km²
Koordinatar 47°34′0″N 9°6′0″E / 47.56667°N 9.10000°E / 47.56667; 9.10000
Høgd over havet 432 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 8570
Nettstad: www.weinfelden.ch


Weinfelden er ein kommune i kantonen Thurgau i Sveits. Kommunen har 10 141 innbyggjarar (2009) og eit areal på 16 km². Kommunesenteret ligg 432 meter over havet. Weinfelden er hovudstad i eit distrikt med same namnet.

Etter som Weinfelden ligg i midten av kantonen, har ein del av kantonsadministrasjonen tilhald i byen. Også Thurgauer Kantonalbank har hovudsete i byen. I vinterhalvåret held kantonsrådet møta sine i Weinfelden.

Historie

Allereie i år 124 e.Kr. var det ei romersk bru over elva Thur ved Weinfelden. I romartida vart staden kalla Quivelda. Namnet Weinfelden er først dokumentert i 838.

Weinfelden var lenge den klart største byen i Thurgau. År 1798 leia Paul Reinhart frigjeringa av området, som til dess hadde vore underlagt det sveitsiske eidsforbundet. I 1803, etter oppløysinga av republikken Helvetia, vart Thurgau erklært ein sjølvstendig kanton i nettopp Weinfelden. Småbyen Frauenfeld vart hovudstad i kantonen.

Hausten 1830 tala Thomas Bornhauser til ei stor folkemengd i Weinfelden, der han kravde ei liberal grunnlov for kantonen. Den liberale grunnlova vart proklamert året etter, som ei av dei tidlegaste, demokratiske grunnlovene i Europa.

Portrett av både Paul Reinhart og Thomas Bornhauser heng i dag i rådhuset i Weinfelden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Weinfelden