36°47′S 175°26′E / 36.783°S 175.433°E / -36.783; 175.433

Whanganui Island
øy
Land  New Zealand
Kart
Whanganui Island
36°46′57″S 175°26′54″E / 36.782399°S 175.448463°E / -36.782399; 175.448463
Wikimedia Commons: Whanganui Island

Whanganui Island er den største av ei lita gruppe øyer som ligg i hamna til Coromandel i Haurakigolfen utanfor austkysten til NordøyaNew Zealand.

Øya er privateigd, er 2,83 km² i flatevidd, der mykje er oppdyrka, men der er også skogområde.

Ho var eigd av ein amerikansk nybyggjar fram til underteikninga av Waitangitraktaten, då han mista retten til øya, etter som all eigedom gjekk over til den britiske krona.

Woolshed Bay, ei skjerma bukt på sørsida til øya, er ein populær ankringstad for båtfolk frå Auckland.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.