What It Takes Singel av Aerosmith frå albumet Pump | ||
B-side |
Monkey on My Back | |
---|---|---|
Utgjeve | 26. februar 1990[1] | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | country[2] | |
Lengd | 6:28 (Album Version With Hidden Track) 5:11 (Single Version) 4:08 (CHR Remix-Edit) (From the album Devil's Got a New Disguise) | |
Selskap | Geffen | |
Tekstforfattar | Steven Tyler | |
Låtskrivar(ar) | Steven Tyler, Joe Perry, Desmond Child | |
Produsent | Bruce Fairbairn | |
Aerosmith-kronologi | ||
«Janie's Got a Gun» (1989) |
What It Takes | «The Other Side» (1990)
|
«What It Takes» er ein powerballade[3] av det amerikanske bandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Desmond Child.[4] Han kom ut i 1989 som den tredje singelen frå det kritikarroste og suksessrike albumet deira Pump. «Eg skal leggja nokre balladar på eit album,» noterte Tyler, «viss det er det som skal til for at ein ung gut skal få høyra ein 'Young Lust' eller 'F.I.N.E.*'.»[5][6]
Child hadde vore med på å skriva powerballaden «Angel» til på det førre albumet til Aerosmith, men bandet ville sørgja for at deira eigen identitet vart reflektert i «What It Takes». Ifølgje Perry «det byrja å høyrast veldig county-western ut. Me ønskte ikkje å skriva ein song som 'Angel', og for Desmond er det der hans hjarte og sjel er. Han likar store, dramatiske balladar. Men me ønskte å gjera noko annleis.» Aerosmith-gitaristen Brad Whitford uttalte at «Det var ein keyboard-låt til å byrja med. Ein eller annan stad på vegen visste me at han var spesiell, så han måtte angripast på ein annan måte.» Perry heldt fram med å seia at «Det som gjorde det for meg var då [Fairbairn] sette eit trekkspel på han. Det gav han den smaken han trong. Elles ville det berre vore fine akkordar og fine endringar.»[7]
Teksten til «What It Takes» handlar om å komma over eit tidlegare forhold og dei vonde kjenslene det førte med seg[7].
Det finst to videoar til songen. Den eine, regissert av Wayne Isham,[8] viser bandet opptre i Longhorn Ballroom. Den andre, regissert av Keith Garde og Martin Torgoff, er henta frå scener frå The Making of Pump, ein film som dokumenterte innspelingsprosessen av albumet Pump. Sistnemnde fekk mykje større radiospeling, og var også den versjonen banda valde å inkludera på videosamlinga Big Ones You Can Look At.
Liste (1990) | Plassering |
---|---|
Billboard Hot 100[9] | 9 |
Mainstream Rock Songs[10] | 1 |
Liste (1990) | Plassering |
---|---|
US Top Pop Singles (Billboard)[11] | 91 |