Skanwiki er eit konsept som skildrar samarbeidet mellom dei fire store skandinaviske wikipediane på svensk, dansk, bokmål og nynorsk. Skanwiki kan sjåast på som ei rekkje løysingar for å auka samarbeid mellom wikipediamiljøa. Desse er alle løysingar som først og fremst oppstod frå idéar innan det norske wikipediamiljøet, særskilt det på Nynorsk Wikipedia, men kan alle lett takast i bruk av dei andre wikipediane.

Denne sida er til for å samla ressursane me har skapt så langt.

Interwikilenkjer[endre wikiteksten]

Wikipedia:Interwikilenkjer er standarden for Nynorsk Wikipedia sin interwikipolitikk, og syner korleis me prioriterer andre skandinaviske interwikilenkjer ved å ha desse øvst i interwikilista.

Systemmeldingar[endre wikiteksten]

Alle systemmeldingane i MediaWiki-namnerommet kan forandrast på med tanke på interwikisamarbeid.

Utvalde artiklar[endre wikiteksten]

Me legg ut dei utvalde artiklane frå alle fire på framsida. Det finst ein portal for dei utvalde artiklane.

Skanwiki på meta[endre wikiteksten]

Det finst òg ei Skanwiki-side på meta.