Wilkes Land er eit stort landområde i den austre delen av det antarktiske kontintentet og inngår i kravområdet Australia i Antarktis, Australsk Antarktis. Området er oppkalla etter løytnant, seinare kontreadmiral Charles Wilkes, som leia den amerikanske antarktisekspedisjonen 1838–1842 og observerte land fleire stader i denne sektoren.
Området strekkjer seg frå Queen Mary Coast i vest ved 100°28' A til Adelie Land i aust ved 136° A, og havet utanfor kysten av Wilkes Land grensar mot Indiahavet. Området strekkjer seg som ein sektor heilt inn til Sørpolen og har eit areal på om lag 2 000 000 km², der det meste ligg under is. Området er delt inn i følgjande sektorar:
Kystlinja vart undersøkt og kartlagt av Operasjon Highjump 1946–1947, Operasjon Windmill 1947–1948, Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) 1956–1960 og sovjetiske antarktisekspedisjonar 1956–1959.
I 2006 gjorde eit forskarlag leia av Ralph von Frese og Laramie Potts gravitasjonsmålingar ved hjelp av NASA-satelittane GRACE og oppdaga det nesten 500 km breie Wilkes Land-krateret, som truleg vart skapt kring 250 millionar år sidan.[1]