Wukinesisk
tradisjonelt 吳, forenkla 吴, pinyin wú eller 吳語, 吴语, wúyǔ
Klassifisering Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
   Wu
Talarar wugruppa av hankinesarar
Bruk
Tala i Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesiske samfunn verda rundt.
Område Aust-Asia
Wukinesisktalande i alt 1,2 milliardar
Rangering 12
Skriftsystem Kinesisk
Språkkodar
ISO 639-3 wuu
Wikipedia på wukinesisk
Ubtreiingsområdet for wukinesisk.
Kinesiske dialektar og språk

Wukinesisk eller berre wu er eit kinesisk språk eller ei dialektgruppe som blir snakka av rundt 77 millionar menneske i Wu-regionen rundt Shanghai, sørlege Jiangsu, Zhejiang og ein del av Anhui aust i Kina. Wukinesisk blir også snakka i fleire utvandrarmiljø.

Sammenlikna med mandarinkinesisk har wu-dialektane eit noko ulikt ordforråd, tidvis ei anna ordstilling og fleire språktonar. Dialektane i Shaoxing og Wenzhou har åtte tonar medan shanghainesisk har fem.

Dialektgrupper

[endre | endre wikiteksten]

Wukinesisk blir gjerne delt inn i seks hovuddialektar:

Bruk

[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende wutalarar er Chiang Kai-shek, Lu Xun og Cai Yuanpei. Språket blir brukt i Shaoxing-opera og i framføringar av den populære utøvaren Zhou Libo.

Wukinesisk har elles låg status i høve til det offisielle mandarinkinesisk. Det er ikkje offentleg anderkjend i Kina, og blir i dag ikkje brukt i skular eller offentleg samanheng. Ei rekkje tv-program blir laga på wuspråk, men offisielle retningsliner seier at desse ikkje kan kringkastast i beste sendetid.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Song Wei,«Dialects to be phased out of prime time TV» (chinadaily.com.cn), 2011-01-14