Wye | |||
Afon Gwy | |||
elv | |||
Wye i Hay-on-Wye
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Delar | Wales, England | ||
Nedslagsfelt | 4 136 km² | ||
Lengd | 215 km | ||
Kjelde | |||
- stad | Plynlimon | ||
- høgd | 690 moh. | ||
- koordinatar | 52°28′5.170″N 3°45′56.282″W / 52.46810278°N 3.76563389°W | ||
Munning | |||
- stad | Chepstow, Severn-estauaret | ||
- koordinatar | 51°36′36.086″N 2°39′42.423″W / 51.61002389°N 2.66178417°W | ||
![]() Wye 52°28′09″N 3°45′54″W / 52.469166666667°N 3.765°W | |||
Wikimedia Commons: River Wye (Severn) | |||
Wye (walisisk Afon Gwy) er den femte lengste elva i Storbritannia og store delar av ho dannar grensa mellom England og Wales. Ho er viktig for naturbevaring og rekreasjon.
Elvas spring ut i dei walisiske fjella ved Plynlimon. Ho renn gjennom fleire byar og landsbyar som Rhayader, Builth Wells, Hay-on-Wye, Hereford (den einaste byen ved Wye), Ross-on-Wye, Symonds Yat, Monmouth og Tintern, og munnar ut i Severn-estuaret like nedanfor Chepstow. Elva har ei lengd på 215 km.[1]
Wye sjølv har status som Site of Special Scientific Interest og er ei av dei viktigaste elvane i Storbritannia for naturbevaring. Mykje av den nedre dalen har status som Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde.
Av sideelvar til Wye finn ein Lugg og Arrow, Elan, Dulas, Irfon, Marteg, Monnow, Trothy, Ithon, Llynfi, Letton Lake, Tarennig og Bidno.