Zanoah | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jerusalemkorridoren | ||
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°43′55.91″N 34°59′57.12″E / 31.7321972°N 34.9992000°E | ||
Folketal | 427 (2006) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | jemenittiske jødar | ||
Tilhøyrsle | Agudat Israel Workers | ||
![]() Zanoah 31°43′56″N 34°59′57″E / 31.732197222222°N 34.9992°E | |||
Wikimedia Commons: Zanoah | |||
Zanoah (hebraisk זָנוֹחַ) er ein moshav sentralt i Israel, like ved Beit Shemesh. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 427.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Jemen. I løpet av få år flytta dei fleste av dei første innbyggjarane og vart erstatta av emigrantar frå Nord-Afrika.
Nahal Zanoah er ei elv som renn nordover og flyt ut i Nahal Sorek.[1]
Ruinane (Khirbe Zanu') sør for moshaven er truleg den gamle landsbyen Zanoah som er nemnt i egyptiske brev, seinare ein del av Juda-stamma (Josva 15:34), og busett i perioden kring Det andre tempelet,[2] som det òg står skrive i Bibelen (Nehemja 3:13).