Zoom Studioalbum av Electric Light Orchestra | ||
Utgjeve | 12. juni 2001 | |
Innspelt | 2000 | |
Sjanger | Rock, cellorock | |
Lengd | 43:36 47:01 (japansk) | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Jeff Lynne | |
Electric Light Orchestra-kronologi | ||
---|---|---|
The Ultimate Collection (2001) |
Zoom | The Electric Light Orchestra (First Light Series) (2001) |
Singlar frå Zoom | ||
|
Zoom er det 12. studioalbumet av det britiske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut 12. juni 2001 på Epic Records. Det var det første offisielle ELO-albumet sidan Balance of Power i 1986.
Albumet vart hovudsakleg spelt inn som eit soloalbum av Jeff Lynne, slik Armchair Theatre var, men med somme gjestemusikarar, som dei tidlegare Beatles-musikarane George Harrison og Ringo Starr. Det var den siste innspelinga til Harrison før han døydde. Det einaste andre ELO-medlemmet som var med på albumet var Richard Tandy, som er med på ein song og spelte på somme konsertar etter albumet kom ut. Det var det første albumet med ELO-namnet der Bev Bevan ikkje var med.
Albumet har ei meir organisk kjensle med færre elektroniske effektar og igjen med strykeinstrument som ein del av akkompagnementet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Q | [2] |
Rolling Stone | [3] |
Albumet var den første utgjevinga med ny musikk av bandet sidan Balance of Power i 1986. Sjølv om det vart marknadsført som ein tilbakekomst av den klassiske ELO-stilen, selde albumet dårleg og ein planlagt turné i Nord-Amerika vart kansellert. Då albumet kom ut nådde det 34. plassen på UK Album Chart,[4] og 94. plassen på Billboard 200 i USA. Albumet nådde òg 14. plassen på Billboard Top Internet Album, 51. plassen i Austerrike,[5] og 16. plassen i Tyskland.[6] «Alright» nådde 87. plassen på singellista i Nederland.[7]
Ein nymastra versjon vart gjeven ut på Frontiers den 19. april 2013 i Storbritannia og 23. april i USA. Det inneheldt to bonusspor.[8] «Long Black Road» vart i lag med «10538 Overture» nytta i filmen American Hustle i 2013.[9]
Alle songar er skrivne av Jeff Lynne.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Alright » | 3:13 |
2. | «Moment in Paradise » | 3:36 |
3. | «State of Mind » | 3:04 |
4. | «Just for Love » | 3:40 |
5. | «Stranger on a Quiet Street » | 3:41 |
6. | «In My Own Time » | 3:03 |
7. | «Easy Money » | 2:50 |
8. | «It Really Doesn't Matter » | 3:20 |
9. | «Ordinary Dream » | 3:23 |
10. | «A Long Time Gone » | 3:15 |
11. | «Melting in the Sun » | 3:10 |
12. | «All She Wanted » | 3:14 |
13. | «Lonesome Lullaby » | 4:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
14. | «Long Black Road » | 3:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «One Day» (Ikkje tidlegare utgjeven) | 3:04 | |
15. | «Turn to Stone» | konsertopptak frå 2001 | 3:40 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
14. | «One Day» | 3:04 |
15. | «Do Ya» (konsertopptak frå 2001) | |
16. | «Lucky Motel» (Ikkje tidlegare utgjeven) |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Filmmusikk | |
Samlealbum |
|
Videoar |
|
Tilknytte artiklar |
|