Zunyi i Guizhou

Zunyi er ein kinesisk byprefektur i provinsen Guizhou i det sørlege Kina. Folketalet vart i 2004 berekna til 401 000.

Folket i Zunyi er i hovudsak hankinesarar, men 36 minoritetsgrupper er òg representerte, mellom dei tujia-, miao- og gelaofolka.

Zunyi ligg sentralt i eit turistsøkt området i det nordlege Guizhou, og er ein av dei viktigaste historiske og kulturelle sentera i provinsen.

Byen har fått mykje industri: Metallurgi, kraftverk, bygningsmaterialar og matvareindustri. Byen er òg vorte kalla eit kommunikasjonsknutepunkt.

Administrative eningar

Zunyi omfattar to bydistrikt, åtte fylke, to autonome fylke og to byfylke:

Historie og turisme

Det kinesiske kommunistpartiet har byen på lista over sine «raude pilegrimsmål» ettersom byen var åstad for eit viktig møte for polibyrået til Den raude arméen under revolusjonsåra, under «den lange marsjen» i januar 1935. Som møtestad nytta dei den katolske kyrkja i byen.

I 1953 omgjorde regjeringa kyrkja til eit minnesmerke til Mao Zedongs ære, og huset han hadde budd i vart òg renovert.

Kjelder

.

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff